Fryktar fatale konsekvensar for klynga
13 VERFT HAR KLAGA: Ulstein (t.v.), Fiskerstrand (midten) og Vard sitt Brattvåg-verft er mellom dei 13 verfta som har fått pålegg - og klaga. No har Miljødirektoratet klagene til behandling. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Felles front for verfta

Om politikarane i Møre og Romsdal får bestemme, blir staten med på rekninga for giftopprydding. Alternativet er kroken på døra, trur Rolf Fiskerstrand.

Marius Rosbach
25.08.2021

Under debatten om maritim politikk i Ulsteinvik tysdag blei det klart at det er tverrpolitisk støtte til at staten blir med å betalar for opprydding i sjøbotn utanfor ein rekke verft i Møre og Romsdal.

– Vi meiner heilt klart at staten bør inn med kraftige verkemiddel for å hjelpe verfta, sa Per Ivar Lied (Sp) og fekk heilhjarta støtte frå Per Vidar Kjølmoen (Ap) som meinte regjeringa burde kome med eit signal om dette med ein gong.

Risikerer kjemperekning
Bakgrunnen er at 13 skipsverft i Møre og Romsdal har fått pålegg om å lage ein tiltaksplan, for å finne ut kva som skal gjerast med forureina sjøbotn ved eigedomane.

Bedriftene risikerer også å måtte ta rekninga ved ei full opprydding truleg kjem på fleire titals millionar kroner for kvart verft.

– Viss dei må ta den kostnaden, der staten har teke mesteparten av kostnaden i andre fylke, så har eg fått lov å sitere Rolf Fiskerstrand på at det vil bety at dei «sløkker lyser og sett kroken på døra», sa debattleiar Henrik Dalelid Vedde og då han ville vite korleis partia sine kandidatar i salen, stilte seg til saka.

Det er urimeleg å gi heile rekninga til verfta
Helge Orten

Støtte frå regjeringspartia
Også regjeringspartia Høgre og Krf stilte seg bak kravet om at staten måtte gå inn med pengar.

– Det er urimeleg å gi heile rekninga til verfta, og vi må finne ei balansert løysing. Det skal vi bidra til som best vi kan, svarte Helge Orten (H).

Harry Valderhaug (KrF) viste til at utsleppa som er gjort til sjøbotnen utanfor verfta, er gjort etter dåtidas reglar.

– Dette tenker eg staten i hovudsak må ta seg av og det må iallfall vere likebehandling (med andre plassar i landet, journ. merk.), sa han.

Samde om satsing på verfta
Under debatten elles kom det ikkje fram nokon store overraskingar. Alle kandidatane tok til orde for meir draghjelp til maritim industri, men hadde ulik grad av eigne forslag.

Ombygging til grøn skipsfart, resirkuleringsfond og auka bruk av handlingsrommet for å sørge for at offentlege skip blir bygd i Norge, var mellom fellesnemnarane.

Publisert: 25.08.2021 09:29

Sist oppdatert: 25.08.2021 09:41

Mer om