Saman er vi sterke
NOR-SHIPPING: Felles på Nor-Shipping på Lillestrøm. Frå venstre Per Jørgen Silden, Skipskompetanse, Inge Tungevår, Westmek, Odd Rune Heggelund, Skipskompetanse, Laetitia Pipaluk Rosing, Måløy Maritime Group, Nils Per Sjåstad, Stadpipe, Kenneth Øvrelid, Stadyard, Knut Helge Sørpoll, Verlo, William Tungevåg, Westmek og  Joakim Silden, Stadyard.
Nytt

- Saman er vi sterke

17 Måløy-bedrifter profilerer seg samla under store messer, og meiner at dei har igjen for fellessatsinga.

08.06.2017
- Mange av bedriftene hadde ikkje hatt ressursar til å delta på ei messe som Nor-Shipping. No er alle med gjennom Måløy Maritime Group (MMG).
Det seier prosjektleiar Latitia Pipaluk Rosing.
Ho kjem eigentleg frå Nuuk på Grønland, men etter først å ha vore innom Carisma Seafood og Måløy Vekst, er ho no ansvarleg for klyngesamarbeidet.
- Utruleg spennande. Eg har god tru på denne typen samarbeid.
- Saman er vi sterke.

Mange messer

MMG var godt synleg på Nor-Shipping på Lillestrøm, men gruppa hadde i mai i år først fellesstand på fiskerimessa Atlantic Fair i Klaksvik på Færøyane, før ein var med på messa Skipper’s Expo i Aberdeen.
I september står Iceland Fisheries Exhibition i Reykavik for tur, før det vert fellessatsing under Danfish i Århus i oktober.
Pipaluk Rosing seier at det er dyrt å vere med på slike messer, både med stand og med reiser til og frå, og det er vanskeleg for alle å delta.
- Samstundes er det viktig å vere på plass, ettersom dette er gode arenaer for marknadsføring og for å knyte kontaktar.
- Dette får ein no gjennom Måløy Maritime Group.

Støtte frå Innovasjon Norge

Prosjektet har fått støtte frå Innovasjon Norge som ei klyngesatsing.
Pipaluk Rosing meiner at satsinga på fellesstand kan vere vegen å gå for også andre bedrifter.
- For Måløy sin del får vi vist at vi kan tilby det aller meste innan maritime tenester på same staden, frå designselskap, til ei rekkje utstyrsleverandørar, verft og hamnetenester.
- Vi løftar fram Måløy som klynge, og det er fleire tilfelle der fellessatsinga har ført til konkrete resultat for fleire enn ei av bedriftene.
For Måløy sin del får vi vist at vi kan tilby det aller meste innan maritime tenester på same staden

Publisert: 08.06.2017 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11