I fjor haust vart Fair Play Møre og Romsdal skipa. No er den unge organisasjonen på turné frå sør til nord i fylket for å informere og rekruttere fleire medlemar.
Det første kick-off-arrangementet er i Ulsteinvik i dag. Dei neste blir i Ålesund torsdag, i Molde 4. februar og avslutning i Kristiansund onsdag 5. februar.
- Det er for å få ei synleggjering av at vi i fellesskap skal kunne bekjempe arbeidslivskriminalitet, sosial dumping og økonomisk kriminalitet, seier Tore Sunde om poenget med kick-off-arrangement.
Sunde er tillitsvald i El og It-forbundet i Møre og Romsdal og styremedlem i Fair Play Møre og Romsdal.
Med i styret er også Fredrik Klock, som er regionleiar i arbeidsgivarorganisasjonen Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg (EBA).
Vil rekruttere fleire medlemar
Sett frå bedriftene si side er poenget med samarbeidet i Fair Play mellom anna å sikre at seriøse bedrifter, ikkje blir utkonkurrert av bedrifter som ikkje respekterer lov og regelverk, seier Klock.
Fair Play Møre og Romsdal skal arbeide inn mot alle bransjar og alle type bedrifter, til skilnad frå fleire andre regionale organisasjonar, som er retta mot bygg- og anleggsbransjen.
Fredrik Klock og Tore Sunde seier målet no er å rekruttere fleire medlemar - også frå kommunane - slik at organisasjonen kan finansiere ei stilling for å mellom anna ta i mot, behandle og sende vidare tips om kritikkverdige tilhøve til relevante styresmakter, som arbeidstilsyn og skatteetaten.
Milliardbeløp
Fredrik Klock er varsam med å anslå omfanget av tilhøve Fair Play skal slå ned på.
Men anslag frå Samfunnsøkonomisk Analyse varierer frå 53 og 11 milliardar kroner i tapte skatteinntekter på landsbasis årleg.
I høve til folketalet tilsvarar det mellom 0,6 og 2,7 milliardar kroner i tapte skatteinntekter her i regionen.
Publisert: 29.01.2025 12:20
Sist oppdatert: 29.01.2025 13:00