Samlar vindkraft- og fiskerinæringa
Vindkraft til havs tema for årsmøtet i Fiskebåt Vest.
Dagleg leiar Åslaug Haga i vindkraftbransje-organisasjonen Norwea er innleiar når Fiskebåt Vest har årsmøte i Ålesund fredag 2. desember.
Utanom dei obligatoriske årsmøtesakene er heile møtet avsett til å diskutere vindkraft til havs og interessekonflikta mellom vindkraft og fiskeri.
- Vi ønskjer å få ein opplysande debatt der vi også får løfta fram våre synspunkt i dette spørsmålet. Samtidig vil vi vere lydhøre overfor vindkraftbransjen og deira planar, seier styreleiar Janne Grethe Strand Aasnæs i Fiskebåt Vest i ei pressemelding.
Fiskebåt Vest er ein regional organisasjon i Fiskebåt, bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen for eigarane av den havgåande fiskeflåten.
Mellom innleiarane er også statssektretær Elisabeth Sæther i Olje- og energidepartementet.
Les også
Runde Miljøsenter ber fiskarane om hjelp til å finne ut kvar vindkraftanlegga kan plasserast.
Fleire titals bedrifter frå Nordvestlandet møter operatør med store ambisjonar.
Støre og tre andre statsråder legg truleg fram nye mål for satsinga.
Publisert: 30.11.2022 09:52
Sist oppdatert: 30.11.2022 09:52