Havvind-selskap på klyngebesøk i Ålesund
Fleire titals bedrifter frå Nordvestlandet møter operatør med store ambisjonar.
Dei neste dagane vil ein rekke bedrifter frå den maritime klynga i
regionen møte ein potensiell ny samarbeidspartnar.
Selskapet Aker Offshore Wind kjem tysdag til klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime Cluster i Ålesund.
– Det er god interesse for å vere med, og no har vi registert kring 35 bedrifter, fortel klyngeleiar Daniel Garden til NETT NO dagen før besøket.
Det er komplekse fartøy, som skal gjere avansert arbeid ute i havet - og der er vi gode
Besøket går over to dagar og for mange vil det vere ei konkret moglegheit til å inngå nye samarbeid. Slike besøk er gjerne populære blant lokale bedrifter.
– Her er det ein potensiell kunde som kjem for å presentere planane sine, og korleis dei ser føre seg å jobbe med havvind, legg han til.
Besøket er eit eksempel på korleis klyngeorganisasjonen jobber med den nye strategien New Blue Deal.
ÅKP og verftsbesøk
Tysdag er det samling på ÅKP der klynga presenterer seg sjølv, og det
blir innlegg frå både DNB om investeringsmoglegheiter, og Eksfin og Norwep om
ulike ordningar som kan hjelpe bedrifter inn i den nye marknaden.
Då får dei lokale bedriftene sjansen til å få éin-til-ein-møter.
I løpet av besøket skal Aker-selskapet sine representantar også besøke Vard Søviknes. Verftskonsernet er mellom dei som allereie har sikra seg fleire kontraktar på skip som nyttast i vindkraftmarknaden.
Les også
– Treff vår klynge veldig godt
Aker Offshore Wind er samtidig berre éin av fleire aktørar som framover vil vere på jakt etter å utvide og utvikle leverandørbasen sin.
– Det er enormt med utbyggingsambisjonar i Europa i åra som kjem, og det er snakk om ei tidobling fram til 2030, og vidare til 2040, seier Garden.
– Denne marknaden treff vår klynge veldig godt. Det er komplekse fartøy, som skal gjere avansert arbeid ute i havet - og der er vi gode, påpeiker klyngeleiaren.
Publisert: 21.06.2022 08:48
Sist oppdatert: 21.06.2022 10:25