Pressekonferanse om havvind
Støre og tre andre statsråder legg truleg fram nye mål for satsinga.
Regjeringa inviterer onsdag morgon til ein topptung pressekonferanse om satsinga på havvind.
Statsminister Jonas Gahr Støre, finansminister Trygve Slagsvold Vedum, næringsminister Jan Christian Vestre og olje- og energiminister Terje Aasland, deltek på pressekonferansen som blir sendt direkte via regjeringen.no.
Sjå pressekonferanse (startar kl. 8.30 onsdag)
Etter det Dagens Næringsliv erfarer vil regjeringa legge fram nye mål for havvind på pressekonferansen og at dei nye måla vil innebere at Norge skal installere 30 GW havvind innan 2040. Dette svarar til nesten den samla norske vannkraftproduksjonen.
Regjeringa la i vinter fram sin plan for havvind til havs i energimeldinga, men industrien har meint satsinga er for veik.
NHO og Norsk olje og gass har etterlyst tal for kor mykje som skal byggast ut, og teke til orde for eit konkret mål om utbygging av 2–3 gigawatt havvind i året på 2030- og 2040-talet.
Publisert: 11.05.2022 07:30
Sist oppdatert: 10.05.2022 20:54