Bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Sjømat Norge har gått frå cirka 450 til 550 medlemsbedrifter på to år.
Rundt 12.000 personar er tilsett hos medlemsbedriftene i Sjømat Norge, som neste veke samlar seg til årsmøte og årskonferanse i Ålesund.
Organisasjonen omfattar fleirtalet av norske oppdrettselskap, fiskeindustrien, utstyrsleverandørar til fiskeri- og oppdrettsnæringa, brønnbåtreiarlag, biomarine bedrifter og fiskefôrprodusentar.
Dokumentet er ein del av ein pågåande prosess, der medlemane skal bruke årsmøtet og konferansen til å diskutere konkretisering av tiltaka, i følgje Haram.
Strategien vil innhalde framlegg både når det gjeld teknologiutvikling og regelverk.
Opphavleg hadde den sitt tyngdpunkt i fiskerindustri og oppdrett, men veksten i medlemstalet dei siste åra skuldast at organisasjonen har vunsne innpass hos utstyrsleverandørarne til fiskeri- og oppdrett.
Informasjonssjef Øyvind André Haram i Sjømat Norge seier organisasjonen reknar med å auke medlemsmassen ytterlegare framover.
Rundt 12.000 personar er tilsett hos medlemsbedriftene i Sjømat Norge, som neste veke samlar seg til årsmøte og årskonferanse i Ålesund.
Organisasjonen omfattar fleirtalet av norske oppdrettselskap, fiskeindustrien, utstyrsleverandørar til fiskeri- og oppdrettsnæringa, brønnbåtreiarlag, biomarine bedrifter og fiskefôrprodusentar.
Strategi for vekst
På årskonferansen vil Sjømat Norge legge fram eit strategidokument for utviklinga fram mot 2030 der organisasjonen skal kombinere tiltak for vekst i produksjon og lønsemd, med tiltak for å sikre at veksten er berekraftig på lang sikt.Dokumentet er ein del av ein pågåande prosess, der medlemane skal bruke årsmøtet og konferansen til å diskutere konkretisering av tiltaka, i følgje Haram.
Strategien vil innhalde framlegg både når det gjeld teknologiutvikling og regelverk.
Fleire medlemar
Sjømat Norge er ei foreining under Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO).Opphavleg hadde den sitt tyngdpunkt i fiskerindustri og oppdrett, men veksten i medlemstalet dei siste åra skuldast at organisasjonen har vunsne innpass hos utstyrsleverandørarne til fiskeri- og oppdrett.
Informasjonssjef Øyvind André Haram i Sjømat Norge seier organisasjonen reknar med å auke medlemsmassen ytterlegare framover.
Publisert: 15.03.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19