Leverandørkonferansen 2022 foto peder nersveen leverandørkonferansen 11
LEVERANDØRKONFERANSEN: Rekordmange deltok då konferansen som samlar den maritime industrien i regionen, var tilbake for fullt i fjor. Foto: Leverandørkonferansen
Nytt

Samlar region i medvind

Havvind mellom marknadene som gjer at fleire av konferansedeltakarane ser lysare på framtida.

Marius Rosbach
03.05.2023

Torsdag denne veka går Leverandørkonferansen i Ulsteinvik av stabelen med ein rekke av store maritime aktørar på programmet.

Konferansesjef Steinar Hauge fortel at det er kring180 påmeldte og han tippar dei blir kring 200 personar i salen.

Oppdatering om havvind og nybygg
«Olje og havvind mot klimanøytral framtid» er temaet for årets konferanse. Frå scena er det fleire som skal snakke om utsiktene til oppsving i havvindmarknaden.

Vegard Voll frå Clarksons Norway skal gi ei marknadsoppdatering for bygging av skip, medan Marius Bergseth frå Olympic Subsea skal fortelje om satsinga til reiarlaget på skip til havvindoperasjonar.

Også Kongsberg Maritime-sjef Lisa Edvardsen Haugan og Entec-sjef Håvard Haanes skal på scena i løpet av konferansen. I tillegg er Uptime, Equinor og Sparebanken Møre representert. Det er også Aale Oen Academy, som skal opne akademi i Ålesund etter sommaren.

- Ein rekke positive nyheiter
Etter nokre tøffe år for store delar av den maritime klynga, er det utsikter til betre tider. Steinar Hauge meiner det er mykje spennande som skjer for bedriftene på søre Sunnmøre.

- Det er ein rekke positive nyheiter, som skapar optimisme. ABB skal opne ny fabrikk i Ulsteinvik, Tussa melder om rekordresultat og Kongsberg som gjer det same, og Island Offshore har aldri hatt større ordreinngang, ramsar Hauge opp.

- Sjølv om ein del av verfta framleis slit, så verkar underleverandørane å ha nok å gjere, legg han til.

Starta for meir enn 20 år sidan
Leverandørkonferansen starta som eit internt Vickers/Roll-Royce-arrangement for over 20 år sidan, og utvikla seg til å bli ei av dei viktigaste maritime konferansane i regionen.

I år er første gongen sidan før pandemien at arrangørane kan planlegge konferansen utan å tenke på pandemi. Leverandørkonferansen vart avlyst i 2020 og vart ei avgrensa arrangement i 2021.

I fjor vart det rekordoppslutning med fleire enn 200 personar i salen, då konferansen ble arrangert etter alle smittevernrestriksjonane var fjerna.

Sjå program (ekstern lenke)

Publisert: 03.05.2023 13:48

Sist oppdatert: 04.05.2023 10:11

Mer om