Sandanger ankar til Hoegsterett
ANKAR: Edgar Sandanger meiner dommen i lagmannsretten er feil.
Nytt

Sandanger ankar til Høgsterett

Har erstatningskrav på nesten 4,4 millionar kroner hengande over seg.

13.12.2019
Edgar Sandanger tapte striden med oppdrettsselskapet Norway Royal både i tingretten og lagmannsretten. Der blei han dømd til å betale Norway Royal Salmon 4.383.259 kroner i erstatning for fem lastebilar med fisk, ein dom Sandanger meiner er feil.

Anken til Høgsterett blir levert før jul, og Sandangers advokat, Bjarte Aambø i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz, seier han håpar på ei avklaring frå Høgsterett i første halvår neste år.
I følgje Aambø manglar dommen lagmannsretten ei drøfting av om Sandangers handlingar er årsaka til tapet og om det kan påvisast eit tap.

2-1 i lagmannsretten

Dommen i lagmannsretten var delt. Fleirtalet på to dommarar meinte dommen frå tingretten var rett, slik at dommen at Sandanger må betale nesten 4,4 millionar kroner til Norway Royal Salmon blir ståande.
Den tredje dommaren meinte Sandanger ikkje kan haldast personleg anvarleg.

Anka

Striden gjeld betaling for fem av i alt 15 lastebilar med laks som blei levert frå Norway Royal Salmon til salsselskapet Sunsea Seafood på Moltustranda våren og sommaren 2017. Norway Royal Salmon meinte Sunsea Seafood ikkje hadde betalt som avtalt, og gjekk til sak med krav om erstatning. Kravet var retta mot konkursbuet til Sunsea Seafood - som gjekk konkurs i fjor - og mot dåverande dagleg leiar og hovudaksjonær Edgar Sandanger og driftsleiar i produksjonsselskapet Sunsea.
Driftsleiaren vart frifunnen, men Sandanger vart dømt til å betale i tingretten - og anka til lagmannsretten.
I Høgsterett er det i ankeutvalet som i første omgang skal vurdere anken. Dersom ankeutvalet er samd med Sandanger sine innvendingar mot sakshandsaminga og dommen i lagmannsretten kan ankeutvalet bestemme at saka må opp til ny behandling i lagmannsretten, eller eventuelt at den skal opp til doms i Høgsterett.

Publisert: 13.12.2019 06:00

Sist oppdatert: 11.03.2021 14:23