Dette skriv lokalavisa .
Den 16 meter fiskebåten er 37 år gamal.
Til Vestlandsnytt seier reiar Bjørn Voksøy at det vart for tungvint å halde fram vidare åleine.
Han har drive fiske i 35 år, men har ikkje nye planar.
– Eg har i alle fall ikkje noko konkret i kikerten no. Håpet må vere at ungdomar får i sving noko meir innan fiskeri. Det hadde vore stas, seier han, til avisa.
I 2017 kom fangstinntektene opp i 1,5 millionar kroner, medan resultatet før skattt vart minus 0,3 millionar.
Året før vart derimot makrellkvota seld for 5,3 millionar kroner. Selskapet hadde då eit resultat før skatt på 5,6 millionar.
Vestlandsnytt meiner at prisen for båten er på nokre-og-tjue millionar kroner, der torskekvota har det meste av verdien.
Den 16 meter fiskebåten er 37 år gamal.
Til Vestlandsnytt seier reiar Bjørn Voksøy at det vart for tungvint å halde fram vidare åleine.
Han har drive fiske i 35 år, men har ikkje nye planar.
– Eg har i alle fall ikkje noko konkret i kikerten no. Håpet må vere at ungdomar får i sving noko meir innan fiskeri. Det hadde vore stas, seier han, til avisa.
Selde makrellkvota
Bjørn Voksøy eigde 65 prosent av båten gjennom Partsreiarlaget Nye Flora. Resten eigde faren Sverre Voksøy.I 2017 kom fangstinntektene opp i 1,5 millionar kroner, medan resultatet før skattt vart minus 0,3 millionar.
Året før vart derimot makrellkvota seld for 5,3 millionar kroner. Selskapet hadde då eit resultat før skatt på 5,6 millionar.
Vestlandsnytt meiner at prisen for båten er på nokre-og-tjue millionar kroner, der torskekvota har det meste av verdien.
Publisert: 20.02.2019 15:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31