Hofseth produksjon montasje Geir Even Haberg foto Marius 1
STORE UTFORDRINGAR: Å få tak på nok arbeidskraft er den største utfordringa for fabrikksjef Geir Even Håberg og dei andre i Hofseth-konsernet. Skjerpa reglar for innleige har gjort det meir vanskeleg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Fortel at innleigereglane bremsar veksten

Hofseth-konsernet måtte overtyde dei tilsette til å organisere seg. Etterlys meir fleksibilitet frå politisk hald.

Marius Rosbach
04.09.2025

– Norske styresmakter må ikkje lage så strenge reglar at dei gjer det vanskeleg å foredle fisken i Norge, seier Robert De Boer i Hofseth International. 

Han er operasjonsdirektør i konsernet som foredlar store mengder laks og øret - og har nettopp lagt ut om korleis dei opplever dagens reglar for innleige av arbeidskraft.

Den skjerpa tilgangen til innleige av midlertidig tilsette har skapt utfordringar for Hofseth. Konsernet er heilt avhengige av utanlandsk arbeidskraft for å få fiskeforedlinga til å gå rundt. 

Vi har brukt mykje pengar og ressursar på å legge om til det nye regelverket
Robert De Boer

– I praksis gir det ingen fordelar
Operasjonsdirektøren forstår at regjeringa sitt motiv er å sikre meir ordna forhold i arbeidslivet. Men han meiner reglane burde vere meir fleksible – og at ein bør vurdere unntak for fiskeindustrien.

– Vi har brukt mykje pengar og ressursar på å legge om til det nye regelverket. Det hadde vore heilt greitt om dette hadde gjort livet betre for dei tilsette eller bedrifta – men i praksis gir det ingen fordelar, berre mindre fleksibilitet og ein meir krevjande kvardag for alle partar, seier De Boer.

Han legg ikkje skjul på at produksjonen kunne vore høgare og investeringane fleire – om dei hadde hatt tilgang på fleire folk. 

– Kostar mykje pengar for våre tilsette
Det er opning i lovverket for å leige inn etter avtale med tillitsvalde for bedrifter som har tariffavtale med ei stor fagforeining.

For Hofseth-konsernet blei løysinga ei omfattande «vervekampanje» mellom dei tilsette. 

– Vi har pressa på og jobba hardt for å overtyde dei tilsette til å organisere seg. Viss vi ikkje hadde løyst det, kunne vi berre stengt ned – eller flytta produksjonen til utlandet, seier De Boer.  

Hofseth hadde allereie tariffavtale på Valderøya-fabrikken. I dag har dei avtalar på plass ved alle fabrikkane og anlegga deira i Storfjorden. 

– Men det kostar mykje pengar for våre tilsette, legg De Boer til.

Mange blir lenge i jobben
Til saman har konsernet over 600 tilsette som jobbar med alt frå oppdrett og foredling, til sal og marknadsføring. 

Geir Even Håberg er fabrikksjef for Hofseth sitt foredlingsanlegg ved Steinvågen i Ålesund. I fjor blei det produsert 22.000 tonn fisk berre på denne fabrikken. 

– Vi ønsker å gjere mest mogleg foredling her heime, seier han. 

Mange av arbeidarane kjem frå Litauen – og mange har vore med lenge. 

– Vi har alltid halde oss til dei tariffane som gjeld, og våre tilsette ligg i dag godt over tariffløna. Det har ikkje noko med fagforeininga å gjere, men kva konkurranse vi står i, påpeiker Håberg. 

Hofseth laks foredling foto Marius 2
HØG EKSPORT: Mesteparten av fisken frå Hofseth blir eksportert til utlandet. Då Nett No er med på ei omvising i produksjonen held dei på med fisk som skal eksporterast med fly. For å jobbe med slik produksjon må fleire av dei tilsette må vere sikkerheitsgodkjende.

Færre blir freista av å flytte til Norge
Med auka levestandard i Aust-Europa og dei baltiske landa, er det langt færre enn før som blir freista til å flytte permanent til Norge. 

– For 15-20 år sidan kunne du stille deg opp med ein buss i ein austeuropeisk by og spørje kven som ville ha jobb i Norge – og bussen vart overfylt. Slik er det ikkje lenger, og vi må vere attraktive og ha gode system for å vinne konkurransen om arbeidskrafta, fortel Håberg. 

– Vi ønsker å få tak i dei beste – og behalde dei. Då må vi ha eit bra opplegg å tilby. Vi vil gi dei tilsette så gode vilkår at dei vil jobbe her til dei blir pensjonistar – og kan ikkje behandle folk dårleg, legg han til.

Mange jobbar på rotasjon
Hofseth har også ei stor gruppe med tilsette frå Litauen som jobbar på sokalla rotasjon. Då bur dei i heimlandet medan dei kjem til Norge for å jobbe i 7 til 8 veker. 

Det fungerer – men ikkje optimalt påpeiker operasjonsdirektør Robert De Boer. 

– Dei betalar inntektsskatt og trygdeavgift her i Norge, men om nokon til eksempel blir gravid er det ein jungel med papir som må ordnast for at ho kan ta ut permisjon heime i Litauen, seier De Boer. 

Under dei tidlegare innleigereglane, betalte tilsette på slike ordningar inntektsskatt til Norge - men trygdeavgift til heimlandet, og hadde få automatisk rett på sosialhjelp der. 

Publisert: 04.09.2025 05:00

Sist oppdatert: 04.09.2025 09:23

Mer om