Sirean-konsernet på Raudeberg ved Måløy er heieigd av Agnar Lyng. Gjennom datterselskapet Babord Group er konsernet heil-, majoritet eller 50 prosent eigar i fiskeri, fiskeriindustri på Raudeberg og Polen, skipsverft og eigedom. (50 prosent-eigarandelen er i skipsverftet Stadyard ved Raudeberg ).
Rangert etter driftsinntekt er fiskeindustriverksemda i datterselskapet Babord Seafood størst og viktigast for konsernet. Babord Seafood hadde 474 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på minus 21 millionar kroner i 2024.
Hovudårsaka til inntektsnedgangen i fjor er at Sirean-konsernet ikkje nådde sine mål innan ein av hovudmarknadane for sjømat, skriv Sirean i årsmeldinga for 2024.
I tillegg til inntektsnedgangen fekk konsernet auka konstandar fordi det auka kapasiteten både i fangst- og fiskeindustriverksemda si. Det betydd også fleire folk og dermed høgare lønskostnandar i fjor.
Oppsving i år
I årmeldinga skriv Sirean at restruktureringa av konsernet i er i hovudsak gjort, og at endringane mellom anna vil gi større fleksibilitet i sjømatverksemda i konsernet.
Det er med på å gi eit markert oppsving i år.
"2025 ser ut til å bli blant dei beste åra gruppa har levert", skriv Agnar Lyng i ei teksmelding til Nett No.
Konsernet sysselsette 337 årsverk i 2024.
| Sirean as (konsern) | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2025 |
| Driftsinntekt | 847,7 | 879,3 |
| Driftsresultat | -24,8 | 27,6 |
| Resultat før skatt | -65,1 | 20,6 |
Publisert: 04.09.2025 09:32
Sist oppdatert: 04.09.2025 09:32






