Tore Ulstein Gunvor Ulstein klyngekonferansen Foto Marius Rosbach
UROA: – Det er ikkje oss det er synd på, påpeiker Gunvor Ulstein, men ho og broren Tore Ulstein er uroa for konsekvensane av auka skattetrykk for bedriftseigarar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Vi må ikkje kome dit at vi ikkje kan utvikle oss frå Ulsteinvik

Ulstein-syskena trur auka skattetrykk for bedriftseigarane vil gjere at fleire gjer som Røkke.

Marius Rosbach
23.09.2022

Etter at Menon Economics hadde presentert årets klyngeanalyse for den maritime bransjen i Ålesund torsdag, tok Gunvor og Tore Ulstein opp auka skattetrykk for bedriftseigarane under ei spørsmålsrunde.

– I ei sånn klynge med mykje privat initiativ, så kostar det noko når skatten blir dobla, slik at vi må ta meir ut av bedriftene våre. Det gjer noko med moglegheitene våre, sa Gunvor Ulstein då ho tok ordet.

Ho trakk fram korleis bedriftene i den maritime klynga også har vore samfunnsbyggarar. Samtidig etterlyste ho meir draghjelp frå styresmaktene for å realisere potensialet næringa fekk presentert i årets analyse.

Trur fleire vil flytte ut
Tore Ulstein viste til at det hadde vore mykje diskusjon etter at Kjell Inge Røkke melde flytting til Sveits.

– Det ein må sjå på er kor mykje Aker sparar i utbytte dei neste 5 til 10 åra. Så vidt eg forstår er det snakk om 25 milliardar kroner som Aker har til utvikling av bedrifta fordi Røkke flyttar ut, sa han.

Auka skatt på formue og utbytte – og eit nytt forslag om «luksusskatt» på trappene, gjer at skattetrykket har auka kraftig for bedriftseigarar.

– No pressar skattesystemet norske eigarar ut, og det kjem til å bli fleire som flyttar ut, la han til.

– Vi må ikkje kome dit at vi ikkje kan utvikle oss frå Ulsteinvik. Det synest eg vil vere heilt forferdeleg, utdjupar Gunvor Ulstein til NETT NO.

Meiner regjeringa skapar usikkerheit
– I løpet av den siste regjeringsperioden på eitt år, er eigarskattene dobla. Og så blir det sagt at ein på langt nær er ferdig. Då skaper du stor usikkerheit, og folk vil spørje seg om dei er ønska her i landet som eigarar, seier Tore Ulstein.

Syskena har som eigarar av Ulstein Group tapt kring 1,2 milliardar dei siste åra etter oljeprisfallet, som gjorde at marknaden for offshoreskip kollapsa.

– Dei må sjå at om ein skal drive bedrift og har vanskelege år, så må ein ha nok kapital i bedrifta for å kome gjennom, seier Gunvor Ulstein.

– No trur vi det kan skje spennande ting. Då vil vi gjerne behalde pengane i bedrifta slik at den kan utvikle oss vidare, legg ho til.

No trur vi det kan skje spennande ting. Då vil vi gjerne behalde pengane i bedrifta slik at den kan utvikle oss vidare
Gunvor Ulstein
Klyngekonferansen 2022 foto Marius Rosbach 11
SAMLA KRING 300: Klyngekonferansen samla kring 300 deltakarar ved Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund. Høgdepunktet var framlegginga av den årlege klyngeanalysen. Foto: Marius Rosbach

Tok rekordutbyte i år
Sjølv tok Ulstein-syskena rekordutbytte frå familieselskapet Ulsmo i år.

– Vi må ta større utbytte frå bedriftene våre for å kunne betale desse eigarskattane. Det gjer at bedriftene blir tappa i ein periode då det burde vore investert i omstilling og innovasjon for å styrke arbeidsplassane – og vi kjem svakare ut, seier Tore Ulstein.

Han påpeiker at det kan tvinge fram ein situasjon der dei må sjå på kva utbyte bedriftene er i stand til å betale.

– Då kan vi ikkje eige bedrifter som er meir dugnadsbaserte, slik som skipsbygging har vore dei siste åra, legg han til.

Publisert: 23.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 23.09.2022 07:41

Mer om