Myklebust verft ulstein verft foto Myklebust Verft Oclin 11
PÅ TOPP: Myklebust Verft er mellom dei som har mange maritimt tilsette i arbeid i Sande kommune. Ulstein Verft (innfelt) er ein stor arbeidsgjevar i Ulstein. Foto: Myklebust Veft/Oclin
Nytt

Sande og Ulstein på topp

Dei mest maritime kommunane i landet har både fordelar og ulemper.

Marius Rosbach
12.08.2021

Sande er den mest maritime kommunen i landet, ifølgje ein fersk rapport frå Menon Economics.

Rapporten blei lagt fram torsdag og inneheld ei rangering av kommunar med mange tilsette i maritime næringar. Sande er på topp med 64 prosent i maritime bedrifter, og Ulstein kjem på 2.plass tett bak med 62 prosent.

Frå Nordvestlandet kjem Herøy på ein 6. plass med 47 prosent maritimt tilsette, og ville ha kome enno høgare opp om fiskeri var inkludert i utrekninga. Også Hareid med 41 prosent er inne på topp ti-lista, ifølgje rapporten laga på oppdrag for Maritimt Forum og NITO.

Ein styrke – og meir sårbare
Dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest uttalar i ei pressemeldinga at det er ei styrke å ha mykje maritim kompetanse samla i desse kommunane.

Samtidig gjer eit einsidig næringsliv lokalsamfunna meir sårbare for nedgangstider, påpeiker han.

I rapporten blir det åtvara mot at den maritime klynga held seg intakt. Dei siste klyngeanalysane frå Menon for næringa, har vist teikn til at den maritime bransjen på Nordvestlandet har blitt svakare dei siste åra. Samtidig viste ein rapport bestilt frå næringsdepartementet tidlegare i sommar, at norske skipsverft sin posisjon er svekka.

- Regjeringa gjer ikkje nok
Rapporten som blei presentert torsdag, har også analysert bidrag frå bransjen til det offentlege. Den viser at maritime bedrifter i Møre og Romsdal samla betalte skattar og avgifter for 5,7 milliardar i 2019.

- Denne rapporten stadfestar at maritim næring er avgjerande for mange kystsamfunn, ikkje minst her på ytre søre Sunnmøre. Det bekymrar oss at viktige delar av ei næring som bidreg med så mykje til fellesskapet, no er ein kritisk situasjon. Regjeringa gjer ikkje nok for å sikre maritim sektor for framtida, meiner Arnfinn Ingjerd.

Maritimt Forum har mellom anna føreslått betre verftsfinansiering, fond for resirkulering og meir ombygging av offshoreskip, for å hjelpe bransjen.

Publisert: 12.08.2021 14:21

Sist oppdatert: 12.08.2021 14:37

Mer om