Satsar paa gjennombrot med ny ladeloeysing
SATSAR PÅ GJENNOMBROT: Jan Arild Roppen, Severin Gjerde og Lars Reidar Brekke i Sevi Blue Power satsar på at den første kontrakten og prototypen til ein nyeutvikla ladeløysing er klar i løpet av året.
Nytt

Satsar på gjennombrot med ny ladeløysing

Minst dobla ladekapasitet. Det er målet for Sevi Blue Power si nye ladeløysing.

27.01.2017
Ingeniør og utviklingselskapet Sevi Blue Power har utvikla ei ladeløysing som er lettare, mindre plasskrevande og framfor alt med mykje større ladekapasitet enn løysingane som allereie er på marknaden.
Målet er å dra i land den første kontakten og bygge den første prototypen i løpet av året. Løysinga er patentsøkt.
I første omgang er det ferjemarknaden som er mest interessant, men løysing kan brukast også på andre type skip også til ladestasjonar større køyrety for landtransport.

Større kapasitet

Sevi har arbeidd med utvikling av ladeløysinga i to år, og prototypen skal byggast i selskapet sitt service- og produksjonsanlegget på Mjølstadneset i Herøy.

Det er koblinga mellom straumtilførselen frå landsida og anlegget ombord på skipet som er den store flaskehalsen i dag.
Den heilelektriske ferja "Ampere" som går strekninga Oppedal-Lavik over Sognefjorden slit med regulariteten når det er sterk vind. Då tappar den så mykje av batteria at ferja ikkje få lada batteria tilstrekkleg til å halde ruta. Resultatet er at den innimellom må stå over ein avgang for å lade seg opp.
Med ein dobla overføringskapasitet vil problemet vere løyst. Då rekk ferja å fylle batteria raskt nok til på kunne halde ruta uansett, og det er den viktigaste grunnen til at Jan Arild Roppen, Severin Gjerde og Lars Reidar Brekke i Sevi trur på ei gjennombrot for si løysing.

Tett til brystet

Førebels held dei korta tett til brystet når det gjeld korleis koblinga deira og tilhøyrande ladesystem er bygd opp.
- Vi har tenkt heilt nytt, seier Severin Gjerde.
Vekt og kraftig redusert investeringsbehov på land er eit anna argument dei vonar skal slå ut til deira fordel. Store og tunge bygg og ladeanlegg kostar pengar, og vekta og plassbehovet kan vere eit problem på mange ferjeleie.

Aukande etterspørsel

Drifta av fleire ferjestrekningar er ute på anbod. Mellom andre skal Møre og Romsdal fylkeskommune ha fem nye ferjer på strekningane Aursnes - Magerholm og Hareid-Sulesund. Elektrisk drift er sannsynleg i alle fall for ein del av ferjene.

Enova støttar miljøvennlege tiltak i samband med dei nye kontraktane, med 88,2 millionar kroner til landanlegg, og har ikkje bunde seg opp til kva slag teknologi som skal veljast.

Publisert: 27.01.2017 10:50

Sist oppdatert: 08.02.2022 17:01

Mer om