Innfrysing av heil fisk kan starte i oktober, og filetering håpar Frost Seafood-sjef Linas Jakubauskas å vere i gang med i dei første vekene i november, skriv han i ein e-post til Nett No.
Vilkåret er at utstyr og maskiner selskapet ventar på, kjem som det skal.
Akkurat no driv selskapet med renovering av fabrikkanlegg på Moltustranda. Det arbeidet går etter planen, skriv Jakubauskas.
Les også
Normal finansiell situasjon
2024-rekneskapen til Frost Seafood viser eit underskot på 8,1 millionar kroner, 10 millionar kroner i negativ eigenkapital og ei gjeld på 32,7 millionar kroner.
«Selskapet har gjort investeringar i oppussing og maskiner, og har ein normal økonomisk situasjon på nivå med ei kvar oppstartsbedrift før den faktiske oppstarten av verksemda», skriv Jakubauskas i e-posten.
Konkurs i 2022
Førre selskap som dreiv fiskeforedling industribygget på Moltustranda - Atlantic Seafood - gjekk konkurs i november 2022.
Daniel Andersen var eineeigar av selskapet, ifølgje Brønnøysundregistra.
Atlantic Seafood starta ny drift på Moltustranda i 2021, etter at også selskapet som dreiv i bygget før Atlantic Seafood gjekk overende.
Publisert: 24.09.2025 05:00
Sist oppdatert: 23.09.2025 21:41






