Satsar paa aa fylle fabrikkbygget
VINTER OG VÅR: Det har gått både vinter og vår sidan Sparebank 1 Søre Sunnmøre vart eineeigar av den tidlegare Grepa-fabrikken i Ørsta, mellom anna for å få fortgang i salet. 
Nytt

Satsar på å fylle fabrikkbygget

Det tidlegare Grepafabrikken i Ørsta skal fyllast med leigetakarar for å få fart på salet. Banken leiger eksperthjelp.

01.09.2015
Steinar Fossen er leigd inn for å fylle fabrikkbygget ved Ørsta sentrum med ny aktivitetet. Målet er å samle etablerte og nye bedrifter innan marin og martim industri under same tak, og bygge eit miljø som skal løfte fram og bidra til nyskaping i bedriftene som er med.
Fossen er utflytta ørsting, og bur i Trondheim. Han er utdannet siviløkonom og har ein doktorgrad frå NTNU, Institutt for industriell økonomi og teknologi-leiing. Han er i ferd med å slutte i stillinga som investeringsdirektør i det statlege investeringsfondet Investinor, og startar som sjølvstendig bedriftsrådgivar, mellom anna med oppgåve å fylle Grepabygget.

- Det er eit spennande potensial i bygget, sier Fossen.

Ikkje heilsvart

Trass i låg oljepris og kutt i oljerelaterte næringar er situasjonen langt frå heilsvart. At det er nedtur i deler av næringslivet kan heller vere eit pluss for etablering av ei industrifellesskap mellom fleire bedrifter, slik Fossen ser det.
-Det er mørke skyer i horisonten for olje, gass og offshore, men det er det ikkje i oppdrett-, fiskeri og havbruk. Der har dei ein heilt annan situasjon, seier han.

Tungt å selge

Sparebank 1 Søre Sunnmøre, som eig bygget, har hatt det til sals i lang tid, utan hell.
- Det å skulle selge eit bygg i dag utan aktivitet der kan vere krevjande, seier Thomas Lundberg, banksjef kreditt og juridisk i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.
Fram til mars 2014 eigde Ørsta kommune 54,55 prosent av selskapet Mosflata Næringsbygg as, medan banken eigde resten.
Då tok banken over alle aksjane i Mosflata Næringsbygg for ein symbolsk sum, på vilkår av at kommunen skulle få del i ein eventuell gevinst ved sal. Selskapet eig industribygget på 7500 kvadratmeter, som husa komfyrfabrikken Grepa fram til produksjonen vart avvikla i 2008.

Industribygget har i utgangspunktet vore til sals sidan Grepa-fabrikken flytta ut etter knappe ti års drift i bygget. Etter at Grepa forsvann, har bygget berre vore delvis utleigd.

Pengesluk

Kommunen hadde vore med og finansiert fabrikkbygget då Grepa var på jakt etter nytt bygg utanfor Ørsta sentrum.
Ordførar Rune Hovde anslo til NETT NO at medeigarskapet i bygget kosta kommunen mellom ein og 2,5 millionar kroner i året etter at Grepa la ned.
- Dette er eitt av dei hola det har rent pengar ut av for oss, sa Hovde i fjor.

32 millionar kroner

Då banken tok over som eineeigar vart det gjort nye framstøytar for å få bygget seld, med ei prisantydning på 32 millionar kroner.
Nabobygget til Grepa-bygget i Ørsta vart seld i fjor. Prisantydninga var 47 millionar kroner, men korkje selgar eller kjøpar har opplyst kjøpesummen.

Fora Form-bygget er omlag på same storleik som Grepa-bygget, men har til skilnad frå Grepa-bygget ein langsiktig leigeavtale med møbelprodusenten Fora Form, som har brukt bygget sidan det sto ferdig. Bygga stod ferdig omlag samstundes, og kommunen vart medeigar i begge i samband med at dei to industribedriftene flytte ut av Ørsta sentrum.

Kuttar prisantydning

På Håvoll i Ørsta er bygget som tidlegare husa Sandvik Møbler til sals. Sandvik Møbler var tidlegare ein av dei fire store furumøbelprodusentane i Noreg, men tolde ikkje nedturen då furubølga ebba ut.
Då bygget vart lagt ut på Finn.no i fjor sa storaksjonær Joar Ekornes at prisantydninga var 12 millionar kroner.

Bygget, på over 15.000 kvadratmeter, ligg framleis til sals, men no er prisantydninga 10 millionar kroner.

Publisert: 01.09.2015 11:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46