Knut maria flakk foto marius 11
FAMILIEKONSERN: Knut Flakk saman med dottera Maria som i løpet av dei siste åra har kome inn som eigar, saman med systera Erika. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Sel seg ned i Hexagon

Flakk-familien sel aksjar for over 61 millionar kroner.

25.11.2021

Selskapet Flakk Rollon har onsdag seld 1.650.000 aksjar i Hexagon Composites til ein snittkurs på 37,50 kroner aksjen.

Det opplyser Hexagon i ei børsmelding torsdag.

Flakk Rollon er eit heileigd selskap av Flakk Gruppen, som igjen er eigd av Knut Flakk og døtrene Erika June Flakk og Maria Lilly Flakk.

Aksjar til over ein milliard
Knut Flakk eig 10 prosent, medan døtrene eig 45 prosent kvar.

Knut Flakk sit på A-aksjar i selskapet, medan døtrene har B-aksjar.

Totalt gir aksjesalet 61,875 millionar kroner.

Flakk-familien sit framleis med 27.835.969 aksjar i Hexagon Composites. Med dagens aksjekurs, er verdien på vel ein milliard kroner.

Litt opp på børsen
Nedsalet har så langt ikkje påverka aksjekursen.

Klokka 09:30 torsdag vert Hexagon Composites-aksjen omsett til 37,82 kroner, ein oppgang på 0,69 prosent frå sluttkursen onsdag.

Heile selskapet er dermed prisa til vel 7,6 milliardar kroner.

Publisert: 25.11.2021 09:34

Sist oppdatert: 25.11.2021 09:55

Mer om