– Vi har eit gryteklart prosjekt, seier styreleiar, dagleg leiar og medeigar Liv Koller-Borg i Selje Hotell Invest, til Nett No.
No er hennar hovudoppgåve å gjennomføre ei kapitalutviding som skal vere med å finansiere bygging og drift av det nye hotellet.
Koller-Borg vil ikkje gå ut med kor mykje kapital Selje Hotell Invest ønsker å hente inn, men seier håpet er å ha gjennomført kapitalutvidinga tidleg neste år.
Treng fullfinansiering
Lukkast det, kan hotellet stå klart til opning to år seinare.
Koller-Borg legg ikkje skjul på at prisstiging i ventetida og eit tøffare klima for å hente kapital, har gjort at realisering av hotellplanane har blitt meir krevande. Ei velukka kapitalutviding er avgjerande.
– Vi set ikkje i gang før dette er fullfinansiert, seier ho.
Brann i 2016
Selje Hotell Invest vart etablert etter brannen som la det tidlegare hotellet i Selje i ruiner.
Målet har heile tida vore å bygge eit nytt hotell der det gamle var. Fleire investorar på Nordvestlandet, eller med røter i regionen, blei medinvestorar.
I tillegg til ekteparet Koller-Borg er Florida-baserte Olaf Refvik, Bergens-baserte Arild Aarvik, hytteutbyggjaren Otto Vik i Stryn, Paneda-gründer Oddvar Flølo, Singapore-baserte Trond Kyrkjebø, Bergen-baserte Steen-Hansen Holding - og fleire mindre, lokalt forankra investorar med i selskapet.
4000 år gamle funn
Ein av grunnane til at det har tatt så langt tid å kome i gang med bygginga er store arkeologiske utgravingar på hotell-tomta.
Den kalkrike sanden på tomta har gjort at dei arkeologiska funne har halde seg godt.
Arkeologane grov seg fem-seks meter nedover og gjorde funn som viser at det budde folk der for 4000 år sidan. Blant funna var både gravrøyser og eldstadar.
Hotellselskapet, saman med fleire andre aktørar i området, ønskjer å få bygd eit kunnskapssenter i Selje, som også bygger på historia til helgenanlegget og klosteret på Selja.
Eitt av funna, ei hellekistegrav, vart kåra til årets arkeologiske funn i 2023.
Samarbeid med Stordalen-selskap
Selje Hotell Invest har ein såkalla samspelsavtale med enterprenørselskapet Hent, som no arbeider med å hente inn nye prisar frå potensielle underleverandørar.
Selskapet har og ein intensjonsavtale med Petter Stordalen sitt selskap Strawberry, om å knytte seg til Nordic Hotel Resort.
Medlemshotella er frittståande , men betalar mellom anna for hjelp til sal og marknadsføring, innkjøp og andre deler av forretningsdrifta.
Vil ha 75 rom
Stordalen-selskapet har mellom gitt råd om kor stort hotellet bør vere for å kunne gi grunnlag for heilårsdrift.
Konklusjonen blei eit hotell med 75 rom, frå romslege suitar, til standard hotellrom. Hotellet er planlagt i tre etasjar, over 5000 kvadratmeter til saman. Det tidlegare hotellbygget hadde 49 rom.
Hotellet vil ta opp om lag halve tomta på 13 mål, som Selje Hotell Invest eig langs Seljkesanden.
Publisert: 02.12.2024 05:00
Sist oppdatert: 01.12.2024 19:42