4000 år gamle funn ved Selje hotell
Etter eit utfordrande graveprosjekt har arkeologar funne kulturspor på tomta til Selje hotell på Stad som kan vere 4000 år gamle.
I samband med planar om nytt hotell i Selje sentrum grov arkeologar fem-seks meter djupe sjakter med gravemaskin og avdekte ei rekke spor etter menneske frå førhistorisk tid, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
– Det som er påvist har overgått forventningane vi hadde, både om kulturminne og havnivået. Det seier seniorrådgjevar Berit Gjerland i Vestland fylkeskommune i pressemeldinga.
Utfordrande graving
Arkeolog Isabel Furesund Berge fortel at det har vore utfordrande å grave i metervis tjukke lag med flygesand. Den kalkrike sanden har likevel bevart dei arkeologiske funna, som gir eit nytt innblikk i førhistoria i Selje og på kysten.
– Konklusjonen er at folk har budd i og brukt området her nesten kontinuerleg frå yngre steinalder, altså tilbake til rundt 2000 år før vår tidsrekning (fvt.), og fram til i dag. Vi har funne både eldstadar og gravrøyser og fått ny kunnskap om det førhistoriske havnivået i området, seier Furesund Berge.
Les også
Funna gir innblikk i kvardagslivet fleire tusen år tilbake i tid, blant anna ved funn av bein frå pattedyr og fisk og skjel, som er restane av middagsmaten. Der er også funne steinreiskapar og keramikk, i tillegg til minst to gravrøyser frå jarnalderen, ifølgje fylkeskommunen. Dei eldste og djupast bevarte kulturspora er frå siste del av yngre steinalder, 2300–1700 fvt.
Nye funn om havnivå
Også Universitetet i Bergen var til stades i profilveggane i Selje for å dokumentere dei geologiske prosessane. I ei av sjaktene blei det funne eit tynt lag med pimpstein, som er ein indikator på havnivået i eldre steinalder.
– Dette er viktig for oss arkeologar fordi menneska i steinalderen busette seg nær dåverande strand. Dei førhistoriske havnivåa har vore relativt lite undersøkte i tidlegare Sogn og Fjordane. Ny kunnskap er viktig for forståinga av landskapsutviklinga etter siste istid og set også nye premiss for arkeologane i framtida, seier Berge.
Publisert: 16.09.2021 20:07
Sist oppdatert: 17.09.2021 09:16