Selje kloster skal bli meir attraktivt for turistar
TURISME: Selje kloster er ruinane av eit benediktinarkloster på øya Selja. 
Nytt

Selje kloster skal bli meir attraktivt for turistar

Selje kloster i Nordfjord skal utviklast til å bli eit attraktivt og berekraftig reisemål.

31.10.2018
NPK: Sogn og Fjordane fylkeskommune har gitt PwC ansvar for å leie forprosjektet som skal vere ferdig våren 2019.
Selje kloster er ruinane av eit benediktinarkloster på øya Selja i Selje kommune. Etableringa av bispesete på Selja i 1068 og seinare bygginga av eit kloster blir sett i samanheng med Sunniva-legenda.
– Selje kloster er ein attraksjon av internasjonalt format, som vi ikkje har makta å legge til rette slik at staden får dei besøkande som dette kulturminnet fortener. Det er gjort mykje for å setje ruinane i stand siste åra. Vi vonar at vi no kan koordinere alle gode krefter for å få Selje kloster fram til folk, slik at dei kan oppleve denne juvelen, seier fylkesdirektør for næring og kultur Jan Heggheim i ei pressemelding.
Det er om lag 3.000 personar som legg vegen til klosteret på øya Selja i Selje kommune kvart år. Det nye prosjektet skal bidra til å utvikle klosteret som reisemål og gjere det til ein leiande, berekraftig attraksjon med fleire besøkande og auka lønsemd.

PwC hyrt inn

Målet er at Selje kloster skal bli ein spennande og unik attraksjon for kulturbasert turisme der historie, kultur, arkitektur og design skal forsterke naturelementa.
PricewaterhouseCoopers AS (PwC) har fått ansvaret som prosjektleiar for forprosjektet, som skal vere ferdig våren 2019. Forprosjektet skal kartleggje rammene for å lukkast med å utvikle klosterområdet som ein leiande attraksjon i Nordfjord.
I tillegg til fylkeskommunen, som eig og finansierer prosjektet, har styringsgruppa representantar frå Selje kommune, Eid kommune, Innovasjon Noreg, Riksantikvaren og lokale næringsaktørar i Selje.

Publisert: 31.10.2018 14:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:27