Inter Notservice F v Jan Erik Jakobsen Hans Petter Selstad og Odd Gunnar Endresen foto Inter Notservice Selstad
PARTNAR: Selstad-konsernet sikrar seg fotfeste på Helgelandskysten gjennom medeigarskapet i Inter Notservice. Frå venstre styreleiar Jan Erik Jakobsen i Inter Notservice, konsernsjef Hans Petter Selstad i Selstad og dagleg leiar Odd Gunnar Endresen i Inter Notservice. Foto: Selstad/Inter Notservice.
Nytt

Selstad-partnarskap på Helgelandkysten

Blir 40 prosent-eigar i nytt notbøteri.

18.03.2022

Det nyetablerte notbøteriet Inter Notservice i Herøy på Helgelandskysten i Nordland er framleis i gang med bygginga av sitt nye anlegg. Planen er å ha rundt 20 tilsette og ha ei driftsinntekt på 40-50 millionar kroner i første heile driftsår, seier styreleiar Jan Erik Jakobsen.

Han er medeigar i oppdrettselskapet Seløy Sjøfarm og ein av inititativtakarane til det nye notbøteriet.

No har han og dei andre grunnleggarane fått Selstad-konsernet som samarbeidspartnar og 40 prosent medeigar, fortel han til NETT NO.

100 millionar
Det nye notbøterianlegget kostar i underkant av 100 millionar kroner og får i starten alle sine oppdrag frå oppdrettsnæringa.

Eit notbøteri produserer, reparerer og vedlikeheld nøter til oppdrett og fiskeri.

Milliardselskap
Selstad-konsernet i Måløy er ein av dei større aktørane i bransjen som lagar og lever nøter, garn , teiner, tauverk og liknande utstyr til fiskeri og oppdrett.

Bransjen er prega av konsolidering, og Selstad bestemte seg for fleire år sida for å vere eitt av selskapa som kjøper opp i staden for sjølv å bli kjøpt.

I 2021 venta konsernet å nå 1,1 milliard kroner i driftsinntekter, etter kjøpet av den skotske fiskevegnprodusenten W & J Knox.

Publisert: 18.03.2022 13:53

Sist oppdatert: 18.03.2022 13:44