NPK-NTB-Steinar Schjetne: – Først og fremst kjenner vi på ansvaret når vi tek avgjerder om renta. Det er eit stort ansvar å ta avgjerder som har så stor betydning for økonomien til folk, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache til NTB.
På trekvart år har ho jekka opp renta seks gonger sidan ho klatra til topps i Noregs Bank. Frå det historiske nullnivået i fjor ligg styringsrenta no på 2,75 prosent. Og ho skal vidare opp.
Mange må justere forbruket
Folk med lån sit no med ei gjengs lånerente oppunder 4 prosent. Og verre skal det bli. I dei siste prognosane til Noregs Bank kjem det fram at styringsrente skal opp minst ein gong til, og at rentetoppen vil liggje på rundt 3 prosent.
– Eg må understreke at det er ein prognose og ikkje eit løfte, skyt Bache inn. Det er ikkje gitt at rentekøyret stansar der.
Først mot slutten av neste år kan ein ane nokre små sprekkar i det mørke skylaget. Då reknar ein med at prisveksten, som er den viktigaste årsaka til at sentralbanken set opp renta, minkar, og kanskje skal også rentenivået noko ned.
Mange hushald kjem til å få strammare økonomi og kan bli nøydde til å justere forbruket sitt for å komme seg gjennom eit år med rask prisvekst og høge renter, meiner Bache.
– Skjelar de i det heile til situasjonen i hushalda når de vurderer om og kor mykje renta skal setjast opp?
– Vi legg vekt på å balansere risikoen for å stramme til for mykje og dermed bremse aktiviteten meir enn nødvendig, mot risikoen for å stramme til for lite, slik at prisveksten bit seg fast på eit høgt nivå. Hadde vi berre stirt einaugd på inflasjonen, så hadde vi sett renta opp meir, og vi hadde gjort det raskare. Men fordi vi ønskjer å unngå å stramme inn for mykje, så går vi forsiktigare fram. Og det er nettopp av omsyn til sysselsetjinga, seier Bache.
– Folk toler høgare rente
Sentralbanken skriv i rapporten sin om finansiell stabilitet i november at gjeldsbelastninga blant dei rundt 2,5 millionar hushalda i landet er nær eit historisk høgt nivå, og høg samanlikna med andre land.
Sjølv om hushalda er sårbare for bratt bustadprisfall og ein kraftig auke i rentene, meiner Noregs Bank at vil dei klare seg greitt gjennom ein periode med strammare økonomi.
– Å sørgje for låg og stabil inflasjon er det viktigaste bidraget pengepolitikken og Noregs Bank kan gi for at vi skal kunne halde oppe høg sysselsetjing og høg aktivitet i økonomien over tid. Og dei fleste hushalda har ein økonomi som toler ein periode med auka utgifter, understrekar Bache.
Viss den høge prisveksten bit seg fast på grunn av for mild pengepolitikk no, kan det bli behov for kraftigare innstrammingar i framtida, påpeikar sentralbanksjefen.
– Eg forstår at det kan oppfattast som at vi legg stein til byrda når vi hevar renta i ein situasjon der prisveksten er høg. Det svekkjer kjøpekrafta i hushalda. Men vi set altså renta opp for å få prisveksten ned, seier ho.
Rentesmell til inga nytte
Men på den måten får lånekundane ein dobbel smell – gong på gong og til inga nytte, ifølgje sjeføkonom Roger Bjørnstad i LO.
Han har tydeleg kritisert rentepolitikken og påpeikar med styrke at det mest vesentlege av prisveksten som tyngjer økonomien i hushalda, er påført oss utanfrå, gjennom import av varer, tenester og energi. Dermed har pengepolitikken her til lands liten eller ingen innverknad på prisveksten, meiner han.
Bjørnstad var ein av svært få økonomar som tok til orde for at sentralbanken måtte setje renta ned, ikkje opp, på det siste rentemøtet i midten av desember. Det fekk han som kjent ikkje gehør for.
Brei oppgang
Bache gir han eit stykke på veg rett i at delar av prisveksten er importert og dermed utanfor rekkjevidda til pengepolitikken.
– Men det vi ser no, er ein brei prisoppgang. Det er ikkje berre prisane på dei varene vi importerer frå utlandet, som stig raskt. Også prisane på det vi produserer her heime, stig meir enn normalt. Noko av bakgrunnen for den prisveksten vi ser innanlands, er høg aktivitet og høgt press i norsk økonomi, noko som også har bidrege til at lønnsveksten har auka, seier ho.
– Så påverkar vi også økonomien gjennom å påverke etterspurnaden. Høgare rente vil normalt dempe etterspurnaden etter varer og tenester, og dermed også lønns- og prisveksten, understrekar Bache.
Høgare rente vil også normalt føre til sterkare kronekurs, noko som i sin tur bidreg til å dempe den importerte prisveksten, poengterer ho.
Publisert: 29.12.2022 10:29
Sist oppdatert: 29.12.2022 10:37