Ragde Eigedom har selt Tenestehuset i Brattvåg til Carnegie Business Management for kring 200 millionar kroner, ifølgje avisa .
Dette er andre gongen på mindre enn to år at bygget som Ålesund kommune leiger, blir selt. Ifølgje dagleg leiar Thor Wiig i Ragde Eiendom har det vore ei lønnsam investering.
– Ja, det er klart. Det er derfor vi kjøpte det, men vi må til passe vår portefølje og vi veks med fleire milliardar kvart år. Får vi eit godt tilbod så sel vi, og vi ser på risikoen når leigekontrakten går ut. Det er ikkje ferdig nedbetalt sjølv om leigekontrakten går ut, seier han til avisa.
Oslo-selskapet , som sel fleire titals eigedomar i året, hadde i 2019 ei omsetning på 1,85 milliardar kroner og driftsresultat på 1,3 milliardar.
Bygget blei ferdig og teke i bruk oktober 2019, og selskapet hadde oppført 4,4 millionar kroner i inntekter det året. I balanserekneskapen var tomter, bygningar og anna fast eigedom oppført med ein verdi på 156 millionar.
Dagleg leiar Bjørnar Helland i Ålesund kommunale eigedom fortel til at dei ikkje var informert om salet, og at det ville vore ønskeleg.
Carnegie opplyser til avisa at eigarskiftet ikkje gir noko praktiske endringar for kommunen, og at dei og investorane ønsker eit godt samarbeid.
Dette er andre gongen på mindre enn to år at bygget som Ålesund kommune leiger, blir selt. Ifølgje dagleg leiar Thor Wiig i Ragde Eiendom har det vore ei lønnsam investering.
– Ja, det er klart. Det er derfor vi kjøpte det, men vi må til passe vår portefølje og vi veks med fleire milliardar kvart år. Får vi eit godt tilbod så sel vi, og vi ser på risikoen når leigekontrakten går ut. Det er ikkje ferdig nedbetalt sjølv om leigekontrakten går ut, seier han til avisa.
Oslo-selskapet , som sel fleire titals eigedomar i året, hadde i 2019 ei omsetning på 1,85 milliardar kroner og driftsresultat på 1,3 milliardar.
Kjøpte i mars 2019
Ragde Eiendom kjøpte Tenestehuset gjennom selskapet Haram Eiendom i mars 2019. Dåverande seljer var Samfjord Eiendom, som mellom anna finansmannen Leif Arne Langøy og Brødr. Dyrøy står bak.Bygget blei ferdig og teke i bruk oktober 2019, og selskapet hadde oppført 4,4 millionar kroner i inntekter det året. I balanserekneskapen var tomter, bygningar og anna fast eigedom oppført med ein verdi på 156 millionar.
Kommunen ikkje informert
Dei nye eigarane i Carnegie Business Management har oppretta selskapet Brattvåg Offentlig Eiendom, som overtok bygget frå 15. desember i fjor. Med seg på kjøpet får dei ei langsiktig leigeavtale med Ålesund kommune, som betalar 13 millionar kroner i årleg leige. No har kommunen kring 15 år igjen av leigeavtalen, og dei har også opsjon på vidare leige i opptil 20 år.Dagleg leiar Bjørnar Helland i Ålesund kommunale eigedom fortel til at dei ikkje var informert om salet, og at det ville vore ønskeleg.
Carnegie opplyser til avisa at eigarskiftet ikkje gir noko praktiske endringar for kommunen, og at dei og investorane ønsker eit godt samarbeid.
Publisert: 03.02.2021 11:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14