Ser kjernekraft som løysinga
Ein utsleppsfri fiskeflåte treng kjernekraft, meiner Skipsteknisk-duo.
– Det er vanskeleg å sjå for seg dette her her utan at vi får ei utvikling i retning kjernekraft, seier Inge Bertil Straume i i skipsdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund.
Selskapet er involvert i fleire prosjekt for å finne CO2-utsleppsfrie alternativ til diesel i fiskeflåten.
I førre veke snakka Straume og kollega Vegard Nesset Hjelvik om kva som er status for alternativ til diesel, på arrangementet Pelagisk Arena i Ålesund. Slik dei ser det i dag er fiskebåtar på kjernekraft svaret om fiskeflåten skal bli heilt CO2-utsleppsfri.
Dyrt og risikabelt
Både hydrogen og ammoniakk er for dyrt, risikabelt og det regulatoriske regelverket er ikkje på plass.
For å vere CO2-utsleppsfritt må hydrogen, eller ammoniakk vere produsert av straum fra vasskraft, solkraft, vindkraft eller atomkraft. Prosessen frå produksjon, til ammoniakk eller hydrogen lagar elektrisitet som kan drive el-motorane om bord på eit skip gir eit stort og fordyrande energitap samanlikna med om elektrisiteten blir brukt direkte eller først til å lade batteri.
Det mest nærliggande og interessante for å få utsleppa ned er bruk av metanol, etter Straume si vurdering. Ein stor fordel med metanol er at den kan brukast i vanlege forbrenningsmotorar.
– Det blir nærare som diesel å handtere, seier Straume.
Om metanol også er framstilt i ein prosess som omdannar trevirke til til metanol, utan bruk av energi frå fossile energikjelde, vil det også vere ei energikjelde som ikkje auka CO2-utsleppa.
Kjernekraft-seminar
Straume og Nesset Hjelvik er ikkje åleine om å vurdere kjernekraft som ei alternativ energikjelde for skipsfarten.
Tysdag er klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime i Ålesund arrangør av eit seminar om kjernekraft og skipsfart.
Blant innleiarane er representantar både for Lloyds Register, Det Norske Veritas (DNV), NTNU og Ulstein Design.
Les programmet her (ekstern lenke)
Publisert: 16.01.2024 05:00
Sist oppdatert: 15.01.2024 21:58