Fuglenett-suksess for Rempro
Gjennomslag i utlandet gav rekordvekst.
Glasfiberstengene som held oppe fuglenetting over oppdrettsmærene er berebjelkane til Rempro i Liabygda. I fjor fekk selskapet gjennomslag også i utlandet.
Det er grunnen til den store veksten i fjor.
Stein Inge Rem er eigar og dagleg leiar i Rempro, som sysselsette 10 årsverk i fjor. Selskapet fekk 30,8 millionar kroner i driftsinntekter i fjor, ein auke på 44 prosent. Det er ny rekord, og også lønsemda blei rekordhøg (sjå tabell).
Forseinka levering
I år kunne Rempro heilt sikkert fått like stort sal som i fjor, men forseinkingar i levering av glasfibermatter frå Kina er ein flaskehals. Det er etterdønningane av den verdsomspennande koronaepidemien som i år råkar selskapet. Det gjer at Rem er usikker på om einklarer å produsere nok.
- Det er litt utfordrande å få tak i råvarer. Hadde vi fått tak i råvarer kunne vi produsert meir, seier Rem.
Stolpesamarbeid
Rempro har i fleire år arbeidd med å utvikle ein stolpe i kompositt for å vinne innpass i stolpemarknaden etterkvart som trestolpar impregnert med kreosot blir fasa ut.
Rempro har inngått eit samarbeid med selskapet Melbye Skandinavia, som leverer utstyr til kraftbransjen.
Koronaepidemien forseinka framdrifta, men Rem håpar arbeidet snart kan kome i gang igjen. Planen er å teste ei produksjonsline hos utstyrsleverandørar i Tyskland og etablere produksjon i Noreg når produksjonlina fungerer som den skal.
Fabrikken i Liabygda blei utvida for å kunne lage stolpane. Den plassen er i mellomtida tatt i bruk for handtere veksten i glasfiberstenger til fuglenetting, men Rem seier planen framleis er at produksjonen av stolpane skal skje i Noreg.
Rempro as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 30,8 | 21,4 |
Driftsresultat | 7,9 | 3,3 |
Resultat før skatt | 7,9 | 3,8 |
Publisert: 11.06.2021 06:00
Sist oppdatert: 16.03.2022 14:28