Servitech og Brimer gaar saman
TOTALLEVERANDØR: Saman kan Brimer og Servitech bli totalleverandør for anlegg til oppdrett, fiskeri og vant og kloakkhandtering. Brimersjef Håvard Haanes (t.v) i Brimer og Servitechsjef  Kenneth Langvatn har arbeidd med ei samanslåing i eitt års tid.
Nytt

Servitech og Brimer går saman

- Eg trur av vi i lag kan klare oss betre enn kvar for oss, seier dagleg leiar Håvard Haanes i Brimer.

03.09.2018
Servitech og Brimer har snakka om ei samanslåing i eitt år. Nå går dei saman.
Til saman hadde dei 130 millionar kroner i driftsinntekter i fjor og har over 100 tilsette. I år ventar dei å nå 150 millionar kroner i driftsinntekter.
Målet er "ein betydeleg vekst", seier Haanes.

Treng meir folk

Både Kenneth Langvatn og Håvard Haanes seier dei treng fleire folk.
I dag er det omlag 60 tilsette hos Brimer på Kvamsøya og 45 hos Servitech på Sjøholt. Hånes seier produksjonen skal førast vidare på dei to stadane, som i dag.

Nytt selskap på toppen

Samanslåinga blir organisert slik at eigarane i dei to selskapa skipar eit nytt selskap, Enitec, der Brimer og Servitech blir heileigde datterselskap.
Bytteforholdet mellom aksjonærane i Brimer og Servitech er omlag 50/50.
Servitech har fem aksjonærar, Øyvind Longanes og Johan Arne Longanes eig tilsaman 25 prosent av aksjane. Stig Lennart Stokke, Pål Arne Devold og Stein Skaaden eig 25 prosent kvar.
Brimer er eigd av av Jarle Støylens selskap Brimer Holding (45,78 prosent), investeringsfondet Midvest I (32,53 prosent) og Spilka International as (21,68 prosent). Spilka International er eigd av Knut Inge, Laila Kristin og Bjørn Stafset. Dei eig ein tredjepart kvar i Tasso, som og eig selskapet Spilka Industri.

Vatn og avløp

Servitech på Sjøholt blei etablert i 2012 av tidlegare tilsette i Vard Piping og har dei siste åra satsa på marknaden for vatn- og avløpsrensing i oppdrettsnæring og kommunale anlegg.

Brimer på Kvamsøya er mest kjent som produsent at store tankar til oppdrettsnæringa og vassforsyning ogh lagar og utstyr til vatn- og kloakkrenseanlegg.

Til saman hentar dei to selskap omlag 40 prosent av driftsinntektene frå leveransar av anlegg for vatn og avløp, 25 prosent til skip og og annan maritim industri, 20 prosent til oppdrett og restent til fiskeri- og annan industri.

Publisert: 03.09.2018 12:18

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25