Sigurd Teige sel firmahytte
TEST: Salet av Westings firmahytte vil gi ein peikepinn på tilstanden i brukmarknaden for hytter i Stryn. Meklar Tommy Sylte har ikkje hatt ei så stor hytte til sals sidan 2011.
Nytt

Sigurd Teige sel firmahytte

Sigurd Teiges selskap Westing, sel firmahytta i Stryn.

22.08.2014
Hytta er den første av denne storleiken som meklar Tommy Sylte i Notar i Ulsteinvik har hatt ute for sal på lang tid. Laurdag er det visning.
- Eg er litt spent, seier Sylte.
Med storparten av hytteigarane i området frå Sunnmøre, har Sylte opparbeidd seg ein posisjon som den sentrale eigedomsmeklaren i andrehandsmarknaden i Stryn.

Stoppa opp

Hittil i år har Sylte seld ei hytte i Stryn, men den var ikkje i same prisklasse som Westing-hytta. Sist han selde noko i nærleiken av denne var i 2011, då ei hytte på 158 kvadratmeter gjekk for 3,9 millionar kroner. Den hytta hadde ei prisantydning på 4,39 millionar kroner.
I høve til den store hyttebygginga som har vore i Stryn er handelen i andrehandsmarknaden relativt beskjeden.
Aktiviteten var bra fram til 2011, men då stoppa det opp, i følgje Sylte. Salet av Westing-hytta vil difor gi ein god peikepinn på korleis marknaden for brukthytter er i Stryn nett no.
Sylte trur marknaden er på veg oppover igjen.
- Det er fleire forespørslar, seier han.

Prisfall

Prisen på dei største hyttene har gått ned etter at marknaden dabba av. For hytter på over 140 kvadratmeter og ein prislapp på over fire millionar kroner er det snakk om eit prisfall på fem til sju prosent sidan 2011, anslår han.
Men for hytter under fire millionar og ned mot 2,5 millionar - der den største delen av marknaden er, er det meir snakk om ein stagnasjon enn eit prisfall, i følgje Sylte.

3,75 millionar

Westing har sett ei prisantydning på 3,75 millionar kroner for hytta.
Det er innanfor grensa for kva pris storparten av marknaden er viljug til å betale for ei hytte, meiner Sylte. Passerer prisen fire millionar blir det fort langt færre moglege kjøparar.
Hytta har eit bruksareal på 127 kvadratmeter, har utsikt mot fjorden, fem soverom (to i første og tre i andre etasje).
Om vinteren glir du rett inn og ut av alpinløypa, men må spasere nokre minutt til langrennsløypene.
Stilen er klassisk Bøanedsetra-arkitektur, som betyr torvtak, lafta og brunbeisa bygg med stor terrasse.

Publisert: 22.08.2014 06:30

Sist oppdatert: 30.04.2021 12:12