Grand Canyon II og III
SØSTERSKIP: ÅLESUND: Volstad Maritime eig blant anna søsterskipa Grand Canyon II og Grand Canyon III. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Sikra arbeid til to skip i fem år

Fjoråret enda med kjempeunderskott. No har reiarlaget nye oppdrag og løysing på gjeldskrisa.

Marius Rosbach
23.08.2022

Volstad Maritime er sikre arbeid i fem år for konstruksjonsskipa Grand Canyon II og Grand Canyon III. Det opplyser Ålesund-reiarlaget i ei pressemelding tysdag.

Kontraktene er med Helix Robotics Solutions, som skipa allereie har vore i arbeid for sidan 2015 og 2016.

For Grand Canyon II går den nye kontrakta frå januar 2023 til utgangen av 2027. For søsterskipet Grand Canyon III varar oppdraget frå mai 2023 til mai 2028.

Skipa som også har eit tredje søsterskip, blei levert frå Myklebust Verft i 2015.

Jobbar i ulike segment
Volstad Maritime-direktør Cristoffer Syversen uttaler i meldinga at reiarlaget er glade for å forlenge kontraktene for konstruksjonsskipa.

Skipa skal utføre ulike oppdrag innan ulike segment. Tidlegare i år var Grand Canyon II mellom anna med på bygging av vindkraftanlegg til havs ved Taiwan og eit tidevatnkraftverk ved Japan.

Grand Canyon III har hatt oppdrag for Helix Robotics Solutions i Nordsjøen.

Samde med långivarane
Reiarlaget som har åtte skip i flåten leverte nyleg rekneskapen for fjoråret.

I årsrapporten kjem det fram at selskapet i juni inngjekk «term sheet» for ny restruktureringsavtale med långivarane. Gjelda i konsernet og reiarlaget sine dotterselskap vil bli restrukturert i tråd med denne, og ein ny avtale vil bli inngått som skal gjelde ut 2024.

Dei to skipa Oceanic Endeavour og Geo Caspian er bokført som pantegjeld, og långivarane kan krevje sal av fartøya. Reiarlaget marknadsfører skipa for sal, samtidigi som dei jobbar med ulike alternativ, ifølgje årsrapporten for Volstad Maritime Holding.

Stort underskott i fjor
Konsernrekneskapet viste eit underskot på heile 374 millionar kroner for fjoråret. Det er mellom anna knytt til nedskrivingar på 167 millVolstad forlengjer avtaleionar knytt til Geo Caspian og drygt 100 millionar for investeringar i ulike dotterselskap.

Inntektene til flåten enda på 453 millionar kroner i 2021 – om lag på nivå med året før (sjå tabell under).

Eigenkapitalen i konsernet er på 947 millionar og den samla gjelda er på drygt 2,5 milliardar. Reiarlaget har bokført skipsverdiar til kring 3,5 milliardar.

Betring for offshore – mykje å gjere i havvind
I årsrapporten blir det påpeika at marknaden for offshoreskip var i gradvis betring gjennom fjoråret, og at den russiske invasjonen har stramma til marknaden.

Auka tempo i bygging av vindkraft til havs har gitt stor aktivitet for reiarlaget i denne marknaden.

Så langt i år har Volstad-båtane hatt mykje å gjere med slike oppdrag, og tidlegare i år opplyste leiinga at kring halvparten av inntektene til reiarlaget no kjem frå utleige til prosjekt i fornybarmarknaden.

Seismikkmarknaden held fram med å vere utfordrande, skriv styret.

Volstad Maritime (konsern)

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
453
459
Driftsresultat
-208
-118
Resultat før skatt
-374
-206

Publisert: 23.08.2022 11:44

Sist oppdatert: 23.08.2022 21:13

Mer om