Sikra oppdrag for to skip i Nordsjøen
– Vi beveger oss inn i ein supersyklus, seier Ålesund-reiar etter nye kontraktar.
Golden Energy Offshore-skipa Energy Passion og Energy Paradise har sikra seg nye oppdrag, ifølgje ei børsmelding frå reiarlaget.
Energy Passion har inngått kontrakt for eitt år med ein stor internasjonal aktør med opsjon på eitt år.
Energy Paradise skal ut på eit halvtårsoppdrag, med moglegheiter for utviding med endå eit halv år.
– Desse kontraktane føyer seg inn i rekka av sterke hendingar dei siste månadene, og vi er no meir optimistiske enn nokon sinne. Vi beveger oss inn i ein supersyklus, og er godt rigga for å ri den, uttaler Golden Energy Offshore-sjef Per Ivar Fagervoll.
Kontraktane er i Nordsjøen og arbeidet er venta å starte i mars-april.
Verdien på dei faste kontraktane er på 14 millionar – kring 150 millionar kroner. Inkludert opsjonane, er verdien kring 315 millionar kroner, opplyser reiarlaget.
Publisert: 29.01.2024 21:45
Sist oppdatert: 29.01.2024 23:08