Milliardverdiar fordampa på børsen
5,1 milliardar kroner i verdifall for børsnoterte selskap på Nordvestlandet i år.
Berre fem av 15 selskap med overskot i årets ni første månadar, og berre fire med positiv kursutvikling så langt i år. Det børsnoterte selskapa skil seg frå gjennomsnittsbedrifta på Nordvestlandet.
I løpet av 2022 fall den samla verdien av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet med 6,1 milliardar kroner i 2022.
Den negative kursutviklinga har halde fram i år.
Så langt i år er verdifallet 5,1 milliardar kroner. Då er også verdiutviklinga for Nortel rekna med. Mobiltelefoniselskapet Nortel i Ålesund var verdsett til 417 millionar kroner ved inngangen til 2022 og vart verdsett til 517 millionar då det vart kjøpt av konkurrenten Unifon og tatt av børs i haust.
Hittil i år har hovudindeksen på Oslo Børs stige 9,7 prosent, så den omfattande børsnedturen på Nordvestlandet er knytt til utviklinga for dei konkrete selskapa og bransjane dei er i, og ikkje til ein generell børsnedtur.
Les også
Berre fire av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet har stige i verdi hittil i år.
Mest minus blant børsselskapa første halvår. Sjå resultatoversikt.
Fire selskap i pluss. Det er den magre fasiten for børsnoterte selskap på Nordvestlandet i 2022.
Størst minus hos Havila Kystruten
Sparebanken Møre, Havila Shipping, Norva24 og Hav Group er selskapa med overskot (sjå tabell). Men det samla overskotet til dei fire er ikkje stort nok til å vege opp for minusresultatet hos resten.
Størst minusresultat er det i gods-og passasjertrafikkreiarlaget Havila Kystruten, hydrogentank-produsenten Hexagon Purus, marine ingrediensar-produsenten Hofseth Biocare og det landbaserte oppdrettselskapet Salmon Evolution.
Først i september i år fekk Havila Kystruten alle sine fire skip i trafikk, etter ei neste endelaus rekkje med negative overraskingar som både forseinka og fordyra lanseringa av konkurrenten til Hurtigruten på passasjer- og godsruta mellom Bergen og Kirkenes. Aksjekursen har falle over 92 prosent i år, mellom anna fordi selskapet måtte hente inn meir pengar til langt under aksjekursen før kapitalutviding. Det er det største fallet av selskapa på Nordvestlandet.
No skal alt vere på plass, og ut frå det selskapet seier bør det vise att i betra lønsemd alt når tala for 4. kvartal 2023 kjem ut på vinteren neste år.
Kurskollaps i landbasert oppdrett
Etter Havila Kystruten er det aksjonærane i Atlantic Sapphire som er har hatt den verste kursutvikling i år, ned neste 83 prosent sidan årskiftet.
Medan Salmon Evolution er i rute med produksjon, utbygging og planane for eit andre byggesteg er Atlantic Sapphire på etterskot, også med produksjonen i første byggesteg av anlegget. Begge selskapa driv landbasert oppdrett, Salmon Evolution i Indre Harøy i Romsdal, Atlantic Sapphire i Miami i USA.
Børsnotert selskap på Nordvestlandet | ||||||
Etter årets ni første månadar | ||||||
Driftsinntekt | Resultat før skatt | Kursendring i prosent | Verdi i mill. Kroner | |||
2023 | 2022 | 2023 | 2022 | Hittil i år pr. 1/12-23 | ||
Hexagon Composites* | 3749,4 | 3027,0 |
2049,7 | 309,0 | 25,87 % | 5323 |
Norva 24 Group | 2296,2 | 1746,9 | 210,3 | 169,6 | -32,88 % | 4046 |
Sparebanken Møre | 1618 | 1222 | 937 | 697 | -9,46 % | 3777 |
Hexagon Purus | 954 | 592 | -504 | -308 | -54,3 % | 2619 |
Salmon Evolution | 79,6 | 19,3 | -94,9 | -26,2 | -25,15 % | 2562 |
Endúr | 1450,6 | 1842,2 | -10,1 | 12,6 | 18,59 % | 1333 |
Hofseth Biocare | 171,1 | 86,8 | -99,2 | -137,4 | -14,89 % | 1106 |
Atlantic Sapphire* | -82,99 % | 1009 | ||||
Havila Kystruten | 514,8 | 134,4 | -612,7 | -109,5 | -92,04 % | 740 |
Golden Energy Offshore Services | 130,6 | 112,9 | -53,4 | -49,6 | -0,95 % | 626 |
Hav Group | 503,6 | 495,6 | 26,8 | 22,3 | 12,94 % | 336 |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 579,2 | 261,6 | -21,5 | -39,4 | 10,54 % | 234 |
Arctic Bioscience | 141,9 | -31,2 | -28,7 | -22,2 | -23,73 % | 228 |
Statt Torsk | 93 | 12,2 | -83,8 | -27,6 | -53,16 % | 168 |
Havila Shipping | 757 | 652,6 | 141,9 | -31,2 | -50,32 % | 146 |
SUM | 13039,0 | 10174,3 | 1857,4 | -158,6 | 24253 | |
*Hexagon Compositets reduserte eigarandelen sin i Hexagon Purus til under 50 prosent i 2023. Det gav ein positiv bokført effekt som er hovudforklaringa på overskotet. | ||||||
**Offentlegjer ikkje rekneskap pr. 3. kvartal | ||||||
Tabellen er endra 4. desember. I den opphavlege tabell hadde vi bruk 3. kvartalstala til Hexagon Composites |
Dei to anlegga har ulik teknologi, men truleg legg vanskane til Atlantic Sapphire ein dempar på aksjekursen til Salmon Evolution. Dess lenger tid det går utan produksjonsproblem for Salmon Evolution dess mindre blir den negative effekten frå Atlantic Sapphire.
Atlantic Sapphire har henta pengar i tre omgangar i år, og den tidlegare toppsjefen og medgrunnleggaren Johan E. Andreassen er blant dei som er kraftig utvatna, noko også Golden Energy Offshore Services-sjef Per Ivar Fagervoll har opplevd.
Les også
Eigarskapen i Hexagon Purus trekkjer framleis ned resultatet til Hexagon Composites.
Artec Aqua er ikkje lenger største verksemda i Endúr-konsernet. Ventar ny vekst.
Hofseth Biocare vil skille ut fleire patentar, slik selskapet gjorde for første gang tidlegare i år.
Kystruten ventar å selge 80 prosent av lugarkapasiteten neste år.
Inntektene gjekk ned betydeleg, men Ørsta-selskapet er rute med legemiddelstudie.
Publisert: 03.12.2023 05:00
Sist oppdatert: 04.12.2023 12:11