Rundt fem millionar kroner har GRS Riflestock brukt på å utvikle og førebu sitt nye plastskjefte.
-Det er for å få fleire bein å stå på, seier medeigar og dagleg leiar Oscar Haugen.
Bedrifta har bygd opp distribusjon i over 30 land med sine spesielle geværskjefte i tre. 85 prosent av inntektene kjem frå eksport. Selskapet vart nyleg kåra til årets gründerbedrift i Sogn og Fjordane for si vellukka omstilling frå tradisjonell underleverandør i møbelindustrien til geværskjefteprodusent med internasjonalt gjennomslag.
Plastmateriale er lettare, rimlegare og tåler meir juling. Dessutan gjer plast det lettare å auke produksjonen.
- Det gjer at vi kan gå inn i marknadar so krev større volum, seier Haugen.
Han peikar spesielt på USA, der evna til å levere volum er eit krav for å få gjennomslag.
Haugen vil ikkje talfeste forventningane til plastskjeftet, men peikar på at USA er største jaktgeværmarknaden i verda. Blir det suksess betyr det fleire arbeidsplassar.
Avgjerda om å sikte på våpenmarknaden i staden for møbelmarknaden har allereie meir enn dobla arbeidsstokken hos GRS Riflestocks i Hornindal.
I lia nord for Grodås sentrum arbeider det i dag 17 personar. I tillegg kjem ein salsjef som sit i Tyskland og arbeider mot den sentraleuropeiske marknaden. Då GRS Riflestocks lanserte rifleskjeftet sitt i 2012 hadde bedrifta sju tilsette.
-Det er for å få fleire bein å stå på, seier medeigar og dagleg leiar Oscar Haugen.
Bedrifta har bygd opp distribusjon i over 30 land med sine spesielle geværskjefte i tre. 85 prosent av inntektene kjem frå eksport. Selskapet vart nyleg kåra til årets gründerbedrift i Sogn og Fjordane for si vellukka omstilling frå tradisjonell underleverandør i møbelindustrien til geværskjefteprodusent med internasjonalt gjennomslag.
Satsar på USA
I løpet av dei 23 første timane etter at bedrifta lanserte sitt ny geværskjefte i plastmateriale fekk selskapet 37.000 treff på facebook. Skjeftet er ute i marknaden frå desember, og Haugen vonar det mellom anna skal gi selskapet gjennomslag i USA, der GRS Riflestock berre har eit lite sal i dag.Plastmateriale er lettare, rimlegare og tåler meir juling. Dessutan gjer plast det lettare å auke produksjonen.
- Det gjer at vi kan gå inn i marknadar so krev større volum, seier Haugen.
Han peikar spesielt på USA, der evna til å levere volum er eit krav for å få gjennomslag.
Partnar på Åmdalsnes
Medan treskjefta blir laga i fabrikken på Grodås har GRS Riflestock allierte seg med Plasto på Åndalsnes for å få skjefta støypt, medan monteringa blir gjort i Hornindal.Haugen vil ikkje talfeste forventningane til plastskjeftet, men peikar på at USA er største jaktgeværmarknaden i verda. Blir det suksess betyr det fleire arbeidsplassar.
Avgjerda om å sikte på våpenmarknaden i staden for møbelmarknaden har allereie meir enn dobla arbeidsstokken hos GRS Riflestocks i Hornindal.
I lia nord for Grodås sentrum arbeider det i dag 17 personar. I tillegg kjem ein salsjef som sit i Tyskland og arbeider mot den sentraleuropeiske marknaden. Då GRS Riflestocks lanserte rifleskjeftet sitt i 2012 hadde bedrifta sju tilsette.
Vi kan gå inn i marknadar som krev større volum
Publisert: 17.11.2015 11:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:49