- Vi er ute etter folk med prosjektleiarkompetanse, seier Håkon Raabe i Sintef Raufoss Manufacturing.
Med base i Sintef sine kontor i Campus Ålesund på Norsk maritimt kompetansesenter (NMK) har han industrien på Nordvestlandet som arbeidsfelt.
Blant prosjekta Raabe og hans kollegaer ved Sintef Raufoss Manufacturing arbeider med er korleis skal produserast best og billegast råd.
Det er ettertrakta folk han er ute etter, og jakta foregår ikkje gjennom tradisjonelle stillingsannonser, men gjennom direkte kontakt med folk som har kompetansen Sintef er ute etter.
- Den typen folk vi er ute etter kjempar vi med industrien om å få tak i, seier Raabe.
Fotfeste på Sunnmøre
I dag har Sintef tre tilsette og innleigde med kontor på NMK, Raabe og Leif Riksheim arbeider for Sintef Raufoss, Robert Wolff arbeider for Sintef Fiskeri og Havbruk.
Begge desse Sintef-selskapa er ute etter fleire folk.
Dessutane er både Sintef IKT og Marintek (også ein del av Sintef) med og betaler leige for dei seks kontora Sintef pr. i dag disponerer på NMK.
Bør bli minst 15
På lengre sikt meiner Raabe at Sintef bør ha minst 15 tilsette på Sunnmøre, og dekkje både havbruk og fiskeri, industri, maritim teknologi og informasjon og kommunikasjonsteknologi.
- Skal du vere ein stad der kundane opplever at Sintef er må du har eit fagmiljø som er stort nok til at kundane er interessert i å snakke med oss, seier Raabe.
Slapp ikkje taket
I 2005 kjøpte Sintef konsulentselskapet Møre og Romsdal Bedriftsutvikling (MRB) og etablerte Sintef MRB, som på topp hadde over 20 tilsette.
I 2013 vart Sintef MRB avvikla, Sintef ville ikkje lenger drive med bedriftsrådgiving.
Men Sintef slapp ikkje heilt taket i Ålesund.
Avdeling av Raufoss
Raabe, som tidligare jobba i Sintef MRB, blei verande i Sintef-systemet. Han er tilsett i det deleigde datterselskapet Sintef Raufoss Manufacturing, med hovedkontor på Raufoss og totalt 90 tilsette.
Får Raabe det som han ønskjer vil Sintef-miljøet i Ålesund om ei stund bli nesten like stort som Sintef MRB var på sitt største.
Etter at Sintef avvikla satsinga på bedriftsrådgiving, etablerte grunnleggaren av det opphavlege MRB, Bjørn Gjerde, MRB på nytt. I dag har han kontor berre nokre steg unna Sintef sine kontor hos NMK. Fem personar arbeider for MRB i dag.
Den typen folk vi er ute etter kjempar vi med industrien om å få tak i
Publisert: 02.04.2014 06:30
Sist oppdatert: 12.04.2025 07:16