Siste reis for tidlegare Island Offshore-skip
Meir arbeid til Green Yard Kleven.
Tysdag blei offshoreskipet Nordmand Borg slept inn Ulsteinfjorden med kurs for Green Yard Kleven. Der skal skipet skrapast, eller resirkulerast.
Skipet er det tredje av fire skip frå Solstad Offshore sin flåte, som skal bli resirkulert ved Ulsteinvik-verftet, opplyser Green Yard-sjef Hans Jørgen Fedog til NETT.NO.
Levert til Island Offshore i 2000
Nordmand Borg blei bygd ved dåverande Langsten Verft og levert til
reiarlaget Island Offshore i 2000. Seinare hamna ankerhandteringsskipet i
Solstad-flåten.
Det 80 meter lange skipet er eit UT722 L-design med eit dekksareal på drygt 600 kvadratmeter. Om bord i det drygt 20 år gamle offshoreskipet er det Bergen Diesel-motorar og Kamewa Ulstein-propellar.
Skal skrape sju skip
Solstad Offshore skal resirkulere til saman sju skip ved Green
Yard-verfta. Fire av desse skal skrapast på Kleven og tre ved Green Yard
Feda på Sørlandet.
Skipa er definert som ikkje-strategiske skip ettersom dei er eldre og lite attraktive i marknaden.
Det tidlegare Farstad-skipet Far Sovereign var det første skipet som kom til resirkulering ved sunnmørsverftet i fjor haust.
Les også
Tilsetter fleire
Green Yard-sjef Hans Jørgen Fedog kunne nyleg fortelje at verftet søker etter fleire tilsette
Den siste tida har det vore omlag 80 eigne tilsette hos Green Yard Kleven i Ulstein og 20-25 innleigde. I desse dagar har verftet ute fleire ledige stillingar i produksjonen.
Green Yard Group tok over drift av Kleven i 2020, og satsar på opphoggingsmarknaden i tillegg til ombygging, vedlikehald og nybygg.
Publisert: 22.03.2022 11:01
Sist oppdatert: 22.03.2022 12:38