Green Yard Kleven søkjer fleire folk
Verftsdirektør Hans Jørgen Fedog vil ha ein større andel eigne tilsette.
I dag er det omlag 80 eigne tilsette hos Green Yard Kleven i Ulstein og 20-25 innleigde. Om kort tid kjem verftet til å annonser ledige stillingar i produksjonen.
I botn for avgjerda om å rekruttere er ei forventning om auka oppdragsmengde, men og eit ønske om å auke andel eigne tilsette i verksemda - mellom anna for å utvikle kompetanse i bedrifta, fortel Hans Jørgen Fedog til NETT NO. Han er både konsernsjef i Green Yard Group og dagleg leiar i Green Yard Kleven.
Kor mange som skal tilsettast i første omgang kan Fedog førebels ikkje svare på. Det kjem mellom anna an på om kva dei som søkjer kan, og korleis det passar med kva verksemda treng.
Opphogging
Green Yard Group tok over drift av Kleven Verft i 2020, etter konkursen, og Green Yard Group-sjef Hans Jørgen Fedog varsla at det ville bli satsa på opphoggingsmarknaden.
Verftet har også hatt ombyggings- og vedlikehaldsoppdrag etter at Green Yard Group tok over, og Fedog seier selskapet har kompetansen intakt for å kunne ta på seg nybyggingsoppdrag.
I januar i år sa Fedog at Green Yard Kleven vurderte å tilsette folk, og no blir dei orda til handling.
430 råka av konkursen
Kring 430 tilsette verftsarbeidarar blei råka - dei aller fleste er tilsette i Kleven Verft og Kleven Maritim Contracting, då det blei opna konkurs i Kleven Verft i juli 2020.
Langset-konsernet i Molde tok over boet etter Kleven Maritime Contracting, og dei 225 tilsette der få dagar etter konkursopninga. Kleven Maritime Contracting var Kleven-konsernet sitt selskap for rekruttering av utanlandsk arbeidskraft til verftet.
I oktober 2020 sikra Green Yard Kleven seg fleire oppdrag, og auka bemanninga som då var nede i omlag 30 tilsette.
Flest ledige i industrien
Arbeidsmarknaden for industriarbeidarar har vore tøff den siste tida. Saman med typisk «koronautsette» bransjar som servering og reiseliv, er mange industriarbeidarar utan jobb, eller permittert.
Heile 447 industriarbeidarar var registrert som heilt ledige ved utgangen av februar i Møre og Romsdal. I tillegg var 235 registrert som permitterte.
Fleire enn 150 industriarbeidarar i fylket har gått ut av arbeidsløysekøen i løpet av det siste året, men framleis er det ingen andre bransjer som har registrert fleire heilt ledige, eller permitterte.
Publisert: 04.03.2022 11:03
Sist oppdatert: 04.03.2022 11:38