Green yard kleven resirkulering januar 2022 foto marius 11
RESIRKULERING: Green Yard Kleven har jamnt med oppdrag på resirkulering og har til no plukka frå kvarandre alt frå fiskebåtar og ei ferje, til bølgjekraftverk, lekter og offshoreskip. Verftet manglar nybygg i ordreboka, men vurderer å tilsette fleire i produksjonen.Foto: Marius Rosbach
Nytt

Mest resirkulering – men også reparasjonsjobbar

Green Yard Kleven med nytt oppdrag, men skulle gjerne hatt meir å gjere.

Marius Rosbach
14.01.2022

Etter at Rem Energy-skipet forlot kaia ved Green Yard Kleven i desember, er det tomt for nybygg i ordreboka. Men verftsdirektør Hans-Jørgen Fedog fortel at dei mellom anna er i full sving med resirkulering av både skip og anna ved verftet i Ulstein.

– Vi jobbar både med eit reparasjonsprosjekt og resirkulerer for fullt i tillegg til nokre mindre oppdrag, fortel han då NETT NO spør korleis aktiviteten er på nyåret.

Green Yard-sjefen kan ikkje seie kva reparasjonsoppdraget dreiar seg om, men til kai ligg ombygde Frøy Challenger.

Skipet gjekk tidlegare i offshore som forsyningsskip under namnet Scandi Texel. I fjor blei det diesel-elektrisk skipet bygd om ved Fosen-verftet i Trøndelag til eit avlusingsfartøy for oppdrettsnæringa.

Vi har starta på Solstad-flåten og dei to første av båtane er kome til verftet
Hans-Jørgen Fedog

Jamt med oppdrag på resirkulering
Etter at Kleven-verftet satsa på resirkulering har aktiviteten på kaia endra seg. Store maskinar på kaia har allereie teke frå kvarandre fiskebåtar, bølgjekraftverk, ein lekter og ei ferje.

DOF-skipet Skandi Admiral vart det første offshorefartøyet som blei plukka frå kvarandre. Vidare skal dei to Green Yard-verfta saman ta seg av heile sju tidlegare Solstad-skip.

– Vi har starta på Solstad-flåten og dei to første av båtane er kome til verftet, fortel Fedog.

Han fortel at det er jamnt med førespurnader i denne marknaden og påpeiker at råvareprisane på stål og anna metall er stabile.

(saka held fram under)

Hans Jørgen Fedog foto
FØRSTE «GRØNE» OPPDRAG: Green Yard-sjefen Hans-Jørgen Fedog framfor bilferja Jondal som var den første resirkuleringsjobben på verftet. Foto: Marius Rosbach

Vurderer å tilsette fleire
På det meste før leveringa av Rem Offshore-skipet, hadde verftet litt meir enn 80 faste tilsette.

– I dag er vi i underkant av 80 personar, i tillegg til at vi leiger inn nokre. Vi er kring 100 personar i arbeid om dagen, fortel Fedog.

Han seier det har vore naturleg å redusere kapasiteten noko i administrasjonen, så lenge verftet står utan nybygg i ordreboka.

– Vi har derfor nokre permitteringar der for augneblinken. Nokre få i produksjonen har også funne anna arbeid, fortel han og legg til at dei vurderer å tilsette fleire i produksjonen.

– Jobbar med fleire ting vi har tru på
Når det gjeld marknaden for nybygg er det «tydelig prosjekt der ute som skal realiserast», seier Green Yard-sjefen.

– Ved starten på året har vi litt mindre arbeid i produksjonen enn vi skulle ønske oss, men det ser absolutt meir positivt ut no enn på slutten av fjoråret. Vi er aktive på salsfronten og jobbar med fleire ting vi har tru på, legg han til.

Det dreier seg både om fiskefartøy og andre segment, fortel han. Meir er det ikkje mogleg å få ut av verftsdirektøren når det gjeld oppdrag som kan kome i framtida.

– Når det gjeld nye kontraktar har vi som policy at vi ikkje har noko å melde, til vi har det, er svaret då.

Spent på grøn skipsfart-pakke

Delar av den maritime industrien har fått eit tøft møte med koronapandemien. Ordretørke i cruise- og yachtmarknaden – der mellom anna Kleven har hatt fleire store oppdrag – har fått den maritime industrien til å be om meir hjelp frå staten for å komme gjennom krisa.

Svaret frå fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) før jul var at det ville kome ei pakke for grøn skipsfart i samarbeid mellom fleire departement. Green Yard-sjefen legg ikkje skjul på at han er spent.

– Dette med rammevilkåra er viktig. Vi er spente på om det er noe hjelp å hente, og det trur eg alle verft i Norge er om dagen, avsluttar Fedog.

Publisert: 14.01.2022 05:55

Sist oppdatert: 14.01.2022 00:59

Mer om