IKKJE BRUK NTB Ai8ap OC4y DA 1
SLUTT: Om ikkje lenge vil avtroppande Frp-leiar Siv Jensen gå ut porten på Stortinget for siste gong. Eit nytt kapittel i livet skal opnast, saman med blant andre hunden Karma (3 månader). Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Nytt

Siv Jensen: – Det kostar å ta ansvar

Frp-leiaren trur etterfølgjar Sylvi Listhaug får stort spelerom på høgresida - og angrar replikken: «Morn'a, Jens!».

05.05.2021

(NPK-NTB-Bibiana Piene og Peter Tálos): På det nye hjørnekontoret på Stortinget er pappeskene framleis ikkje pakka ut. Det vil dei heller aldri bli.

For etter snart eit kvart hundreår i politikken er Siv Jensen meir enn klar for eitt av dei store sceneskifta i livet. Ho skal slutte som politikar.

– Det blir fint, seier ho til NTB med ansiktet fullt av smilerynker.

Eg er heilt sikker på at Frp er i veldig trygge hender. Dessutan har Sylvi folk rundt seg som vil gi henne litt motstand. Men det er alltid klokt å finne ein balanse
Siv Jensen

Laurdag, på sjølve frigjeringsdagen 8. mai, held ho sin siste tale som partileiar på Frp-landsmøtet. Kva den siste formaninga hennar til partifellane blir, veit ho ikkje enno.

Inga dyneløfting
Framtidsplanane er òg i det blå. Jensen vil vente med å bestemme seg.

Ei bok kan det derimot bli. Forlaga er allereie etter henne.

– Men det skal ikkje ei sånn dyneløfte-bok, altså, lovar ho.

– Eg har masse informasjon om veldig mange menneske som dei har komme til meg med i fortrulegheit. Men skulle eg bryte den fordi eg skulle selje litt fleire bøker? Aldri i verda, seier Jensen.

51-åringen, snart 52, har vigd det meste av livet sitt til politikken sidan ho melde seg inn i Frp som 18-åring.

– Er det noko du angrar på?

Jensen dreg på det, ho ser heller framover enn bakover. Men så kjem ho på avskjedshelsinga ho gav til dåverande statsminister Jens Stoltenberg då dei blåblå vann valet i 2013. «Morn'a, Jens!», ropte ho i eit anfall av eufori.

– Den hadde han ikkje fortent. I dag gir det meg ein dårleg smak i munnen, seier Siv Jensen.

Kalkulert risiko
Det å kunngjere avgangen eit halvt år før eit val kan best beskrivast som ein kalkulert risiko. Særleg på grunn av den dårlege oppslutninga på meiningsmålingane: Sidan 2017 har partiet mista éin av tre veljarar. Eller «lånt bort», som Jensen seier det.

– Det heldt på å vippe avgjerda. Men ein kan ikkje ha ein partileiar som ikkje vil ta attval til Stortinget. Og eg orka ikkje fire år til, seier ho.

– Eigentleg burde eg ha bestemt meg i fjor haust. Men det var ei opprydding som måtte gjerast.

Jensen siktar til bruduljane i dei to største lokallaga i partiet, Oslo og Bergen, som begge vart sette under administrasjon i fjor. I Oslo vart leiaren ekskludert.

– Kva seier det om deg som partileiar at du ikkje greidde å løyse slike konfliktar før det kom så langt?

– Men eg greidde jo å løyse dei! Av og til må ein berre rydde litt godt i skuffer og skap, seier Jensen.

Usemje og dumme ting
Kampen dreidde seg mellom anna om ei veksande usemje mellom liberale og nasjonalkonservative krefter i Frp. Destruktive krefter, har nokon meint.

– No meiner eg det ikkje var så mange destruktive krefter, og dei som var, tok vi ut, seier Jensen på nærast militært vis og minner om forgjengaren Carl I. Hagen.

– Han var atskilleg hardare i klypa.

– Korleis vil du summere opp den politiske gjerninga di?

Siv Jensen må tenkje seg om.

– Carl var jo partibyggjaren. Eg har vore gjennomføraren … eller leverandøren! Eg har demonstrert at Frp er eit styringsdyktig parti, seier ho omsider.

Ansvar kostar
– Noko av det minst farlege ein kan vere som politikar, er å vere i opposisjon. Då kan ein jo berre sitje der og blankpusse profilen. Det kostar å ta ansvar, slår ho fast.

Sjølv tok ho Frp ut av regjering då profilen vart for «grå». Og ho tviler sterkt på om Frp nokon gong kjem til å gå i regjering med Venstre og KrF igjen.

– Det trur eg ikkje, nei, seier ho.

Også dei mange skandalane i partiet har kosta.

– Av og til må ein stå og forsvare ting som ikkje har noko med ein sjølv å gjere i det heile. Som når folk gjer dumme ting.

– Som kva?

– Nei, det har jo vore nok å ta av opp gjennom åra. Men alle organisasjonar er fulle av menneske. Og menneske gjer feil.

Sylvi listhaug isv jensen jon georg dale 11
TEK OVER: Sylvi Listhaug frå Ørskog tek over etter Siv Jensen som partileiar. Her er Frp-toppane med Jon Georg Dale frå Volda på konferanse på Hareid. Foto: Marius Rosbach

Over til Sylvi
No går stafettpinnen vidare til Sylvi Listhaug.

– Sylvi er som meg for 20 år sidan. Triggerhappy og framoverlent, seier Jensen.

Ifølgje Jensen får Listhaug ein «ballsal av spelerom» på høgresida å boltre seg i.

– Alle dei store partia trekkjer meir og meir inn mot midten, seier ho og rettar samtidig eit spark mot Høgre, som ho meiner går altfor langt i å tekkjast miljøpolitikken til MDG.

Til dei som fryktar at Listhaug vil trekkje partiet i meir nasjonalkonservativ retning, har ho dette å seie:

– Eg er heilt sikker på at Frp er i veldig trygge hender. Dessutan har Sylvi folk rundt seg som vil gi henne litt motstand. Men det er alltid klokt å finne ein balanse.

Publisert: 05.05.2021 22:10

Sist oppdatert: 05.05.2021 22:34

Mer om