Nho møre og romsdal digitale valgmøter skjermdump 2222
VALGFKAMPUTSPØRRING: Helge Orten (midten oppe) var mellom Høgre-politikarane som blei utfordra av representantar frå næringslivet fredag. Skjermdump: NHO Møre og Romsdal
Nytt

Orten: – Folk og bedriftene sjølv må vere drivarane

Næringslivet utfordra toppolitikarar frå Høgre i premieren på valkamp-serie. Sjå opptak frå sendinga.

Marius Rosbach
30.04.2021

(sjå heile sendinga i opptak under)

Høgre var fredag første parti ut i NHO Møre og Romsdal sin valgkampsatsing der bedriftene kan spørje ut politikarane.

Fredag føremiddag gjekk det første arrangementet i ei storstilt valkampsatsing frå NHO Møre og Romsdal av stabelen. Gjennom ein serie digitale arrangement skal næringsliv og bedrifter få høyre kva partia vil gjennomføre – og utfordre dei med direkte spørsmål.

Høgre var første parti ut, og stilte med førstekandidat og leiar av samferdslekomiteen på Stortinget, Helge Orten, saman med Monica Molvær frå Ålesund og Vetle Wang Soleim frå Smøla.

(sjå oversikt over komande arrangement under)

Utfordring frå maritim bransje
Dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i Maritime Forum Nordvest var mellom dei som stilte spørsmål. Han ville vite korleis partiet stiller seg til å satse på næringar – som dei maritime – der regionen har fortrinn internasjonalt.

Orten svara at dei ikkje vil at Staten skal vere drivaren i næringssatsingar, men støtte opp om utviklinga som skjer i bedriftene.

– Folk og bedriftene sjølv må vere drivarane, svara Orten, men forsikra samtidig at dei ville satse på næringar som dei maritime.

– Eg meiner også at vi har satsingsområde i dag som treff dei maritime næringane godt, men vi vil halde fram å utvikle verkemiddelapparatet vidare, understreka han.

– Skaparkrafta kjem nedanfrå
Orten kom også innleiingsvis inn på partiets si haldning til kor aktive det offentlege bør vere i satsingar på ulike bransjar.

Medan den raudgrøne sida i større grad er villige til å bruke statens pengar i næringsutvikling, vil Høgre i første rekke stille med ordningar som bidreg til å utvikle kommersielt berekraftige løysingar.

– Vi tenker er at vi ikkje skal lage hindringar for næringslivet, men har ingen trur på at staten skal peike på kva som er dei gode ideane. Skaparkrafta kjem nedanfrå i bedriftene, sa Orten.

Høgrepolitikaren er imponert over korleis næringslivet i regionen har takla utfordringane dei har opplevd det siste året.

– Eg meiner at vårt næringsliv er godt posisjonert til å skapte moglegheiter etter pandemien, la Orten til og understreka at maritim næring vil vere viktig – også nasjonalt.

(saka held fram under)

Komande politikartreff i regi av NHO Møre og Romsdal:

  • Fredag 30. april Høgre
  • Fredag 7. mai Arbeidarpartiet
  • Tysdag 11. mai Senterpartiet
  • Fredag 14. mai Framstegspartiet
  • Tysdag 18. mai Kristeleg Folkeparti
  • Fredag 21. mai Venstre/MDG/SV/Raudt

NHO Møre og Romsdal har fått med seg ei brei allianse i arbeidet med valkampsatsinga.

Både LO i Møre og Romsdal, Næringsforeningene i Kristiansund (KNN), Molde (Molde Næringsforum), Ålesund (Næringsforeningen i Ålesundsregionen) og Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre (NæSS)*, Mafoss, Maritimt Forum Nordvest og NHO-landsforeiningane: NHO Reiseliv Midt-Norge, Sjømat Norge, NELFO og EBA deltek i arbeidet.

Under kvart arrangement får listetoppane og andre sentrale politikarar i Møre og Romsdal presentere seg, og legge fram sine næringspolitiske kampsaker.

I tillegg får representantar frå bedrifter og organisasjonar sleppe til med spørsmål til politikarane. Sendinga skjer på Teams og blir lagt ut på nett i etterkant.

'Sjå sendinga i opptak under

Publisert: 30.04.2021 10:04

Sist oppdatert: 05.05.2021 22:33

Mer om