Bakgrunnen for spørsmåla er Fiskeridirektoratet si godkjenning av salet av deler av verksemda til Aker Biomarine til det amerikanske investeringsfondet American Industrial Partners i fjor, og striden om krilltrålaren som opphavleg vart bestilt av Stig Remøy-kontrollerte Rimfrost.
I eit skriftleg spørsmål til fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss mandag 26. mai argumenterte stortingsrepresentant Bengt Rune Strifeldt (Frp) for at den amerikansk kjøparen har den reelle kontrollen over kvotar og fartøy som tidligare tilhøyrde Aker Biomarine.
Det er eit syn selskapet Aker Qrill Company ikkje er samd i, men som no ligg til vurdering hos statsråden. Den såkalla deltakarlova krev at majoritetseigarskapen skal vere norsk, men det Strifeldt stiller spørsmål ved er om det er berre er ein formalitet i dette tilfellet.
Sivertsen Næss fekk først spørsmål om saka allereie i august i fjor, då bransjeorganisasjonen Fiskebåt stilte spørsmål ved salet til American Industrial Partners, men har enno ikkje kome med ei avklaring.
Fleire spørsmål
I tillegg til Strifeldt har også Helge Orten (H) og Jenny Klinge (Sp) stilt kvart sitt skriftlege spørsmål til fiskeri- og havministeren i løpet av dei siste dagane.
Orten ber fiskeriministeren svare på om: «Har Fiskeridepartementet gjort nødvendige undersøkelser for å sikre at det reelle eierskapet til norske konsesjoner for fiske av krill tilfredsstiller kravene i norsk lov?»
Klinge vil ha svar på om: «Har det vorte gjeve ervervsløyve i Fiskeridirektoratet for skipet Jan Mayen på eit vis som gjer at det i praksis oppstår eit effektivt monopol av konsesjonar og fartøy for fiske av krill i strid med intensjonen i deltakarlova?»
Jan Mayen er namnet krilltrålaren som opphavleg vart bestilt av Rimfrost skulle ha. Men etter usemje mellom Westcon og Rimfrost enda det opp med ein kansellert kontrakt og eit fartøy som no er under ombygging i Tyrka for Aker Qrill Company.
Byggekontrakten var med Westcon, som skulle sette inn krillfabrikken og gjere skipet heilt ferdig, medan storparten av bygginga vart gjort av Tersan Shipyard i Tyrkia.
Har løyve
Dagleg leiar Webjørn Barstad i Aker Qrill Company skriv i ei tekstmelding til Nett No at selskapet i månadskiftet februar/mars i år fekk det naudsynte erversløyvet til å overta båten som no er under ombygging i Tyrkia.
Han har denne kommentaren til spørsmåla frå Strifeldt og Klinge (kommentaren er gitt før Orten sitt spørsmål var kjent, journ. anm.):
«Vi er et norsk selskap som har investert tungt i, og skapt industri av en ny bærekraftig fôr-ingrediens for havbruksnæringene, og vi fortsette å investere i dette. Vi var ett av elleve selskaper i CCAMLR krillfiskeriet i 2024. Det kan neppe beskrives som et monopol. Dette er IKKE en ressurs som Norge eller norske redere eier. Vi opererer i internasjonal konkurranse om en internasjonal ressurs som disponeres av 27 nasjoner på en felles kvote. De senere år har andre nasjoner fått flere fartøy i drift mens Norge har stått stille. Det er særdeles viktig for Norge og Havbruksnæringene at vi får økt tilgang og kapasitet på marine og bærekraftige råvarer - noe som er en økende utfordring etter hvert som den viktige havbruksnæringen vokser»
CCAMLR er Konvensjonen for bevaring av marine levende ressurser i Antarktis, som Noreg er medlem av.
Publisert: 30.05.2025 10:08
Sist oppdatert: 30.05.2025 10:08






