Sjoemat Norge Konkurranse paa ulike vilkaar
IKKJE TIL NOREG: Eigarstrukturen i islandsk fiskeri og fiskeindustri gjer at fisken blir landa på Island. Konkurransevilkåra mellom norsk og islandsk fiskeindustri er ikkje lik, meiner artikkelforfattarane. Biletet er frå Heimaey i Vestmannaeyjar på Island.
Nytt

Sjømat Norge: - Konkurranse på ulike vilkår

Færøyane og Island favoriserer eigen fiskeindustri utan at Noreg svarar med same mynt. Dette er ikkje konkurranse på like vilkår, meiner fiskeindustriforeininga Sjømat Norge.

20.02.2019
I eit innlegg i NETT NO skriv direktør Sverre Johansen og fagsjef Kyrre Dale i Sjømat Norge at dagens system svekkjer konkurransevilkåra for norsk fiskeindustri.
Færøyane har eksportforbod og på Island sikrar eigarstrukturen - der flåte og industri har same eigar - at all fisken blir landa på Island.
Noreg har ingen av delane. Konsekvensen er at sal av fisk frå flåten til industrien berre kan gå ein veg, til Island eller Færøyane, slik Dale og Johnsen ser det. Norske fiskarar kan eksportere fangsten, men norsk industri kan ikkje importere råstoff.

Kritiserer informasjonstilgang

Dale og Johansen meiner og at Norges Sildesalgslag gir utanlandske konkurrentar ein informasjonsfordel. Gjennom Sildesalgslaget sitt auksjonssystem kan konkurrentane på Island følgje med på prisnivået i Noreg og tilpasse seg det, medan norsk industri ikkje har tilsvarande informasjon om prisnivået på Island.
Sildesalgslaget har monopol på førstehandsomsetninga av pelagisk fisk, som sild, makrell, lodde og kolmule.
Laget får og kritikk for å ha endra reglane for veging av fisk, eit vedtak Sjømat Norge meiner opna for ytterlegare manglande innsyn i konkurransevilkåra mellom Island og Noreg.

Etterlyser patriotisme

Dale og Johansen etterlyser og større patriotisme hos fiskarane:
"Når enkelte norske fiskebåter velvillig byr ut fangst til fabrikker i Irland og Island, sender de et klart signal om at det er likegyldig for rederne om fangsten blir solgt til industrien i Norge, Island eller andre land. Det er for så vidt en ærlig sak, men det er både kortsiktig og nokså langt fra intensjonene i de såkalte "grunnlovene" fiskerne ellers er opptatt av å verne om.", skriv dei i innlegget.

Feil om tap

Dale og Johansen sitt innlegg er eit svar til Sveinung Flem, som er leiar for salslaga sin foreining, Norsk Villfisk.
I eit innlegg som mellom anna er publiserte i NETT NO skriv Flem om vurderinga frå Sjømatrådet (tidlegare Eksportutvalget for fisk) om inntektsmogleheitene ved større foredling i Noreg.
Å konkludere ut frå Sjømatrådet sine vurderingar om at lite vidareforedling også betyr ei mogleg tapt verdiskaping på 30 milliardar kroner i året i Noreg, er unøyaktig og sannsynlegvis feil, skriv Flem.
Grunnen er mellom anna at vurdringa ikkje tek omsyn til det norske kostnadsnivået.
"Det er ingen logikk i at denne fortjenesten hadde forsvunnet til utlandet dersom den ellers kunne blitt beholdt i Norge. Den norske fiskerinæringen består av mange dyktige mennesker, og disse kan også å regne", skriv Flem.

Nei til subsidiering

I januar gjekk administrerande direktør Audun Maråk i fiskebåtreiarane sin organisasjon Fiskebåt ut mot eit utspelt frå mellom andre Sjømat Norge og LO sine forventningar om 50.000 nye jobbar i sjømatnæringa innan 2030.

Det er urealistiske forventningar, meinte Maråk, som reagerte på det han meiner er eit vilkår for at fagforeiningane og bransjeforeiningane i sjømatindustrien skal få oppfylt sin forventningar om ei dobling av sysselsettinga i sjømatnæringa - at industrien får fordelar på bekostning av fangstleddet.

Problemet for industrien er manglande lønsemd, sa Maråk.
- Det blir ikkje auka verdiskaping ved å flytte den frå ein del av næringa til ein annan, sa han.
Også Flem er mot at fiskarane skal måtte gi avkall på maksimal pris.
"Vi i foreningen Norsk Villfisk, samarbeidsorgan for fiskesalgslagene, er absolutt tilhengere av at det skapes større verdier av norsk villfanget fisk gjennom bearbeiding i Norge. Men vi er samtidig tydelige på at dette ikke oppnås ved å subsidiere prisen som kjøper betaler til fisker", skriv Flem i sitt innlegg.

"Når enkelte norske fiskebåter velvillig byr ut fangst til fabrikker i Irland og Island, sender de et klart signal om at det er likegyldig for rederne om fangsten blir solgt til industrien i Norge, Island eller andre land. Det er for så vidt en ærlig sak, men det er både kortsiktig og nokså langt fra intensjonene i de såkalte "grunnlovene" fiskerne ellers er opptatt av å verne om."

Publisert: 20.02.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31