Sjoematindustrien vil ikkje ha fleire utval
DEBATT I ÅLESUND: Frå v: Svein Ole Haugland, ass. dir. Norges Råfisklag, Sveinung Flem, Adm. dir. Surofi, Per Magne Eggesbø, Ramoen as og Eros as, Paul Oma, adm. dir. Norges Sildesalgslag, Inger-Marie Sperre, styreleder Sjømat Norge og Geir Sogn-Grundvåg, Nofima. 
Nytt

Sjømatindustrien vil ikkje ha fleire utval

Styreleiar Inger-Marie Sperre i Sjømat Norge meiner salslaga kan ta grep om dei vil ha meir fisk på auksjon. Det trengst ikkje fleire utval.

Kristin Vidhammer
01.06.2018
Administrerande direktør Sveinugn Flem sa i eit intervju med NETT NO i førre veka at det vil vere ein god idè om det blir oppretta eit breitt samansett utval som såg på omsetningssystemet for kvitfisk på nytt, mellom anna for å vurdere om salslaga burde innføre reglar som prioriterte sal på auksjon.
Les også:
Det trengst ikkje, ein har allereie dei utredningane som trengst, meiner Inger-Marie Sperre, styreleiar i Sjømat Norge og medeigar i Brødr. Sperre as.
- Salslaga kan sjølv endre regelverket. Dei har fullmakt til å praktisere fiskesalslaglova, slik at dei har moglegheit til å ta grep. Vi kan ikkje ha eit system som berre ivaretek fiskarane sine interesser, seier ho.
- Og kvifor har vi ei fiskesalslov for å beskytte fiskarane, når dei ikkje treng beskyttelse, legg ho til.

Politisk aktuelt

Fiskebåt Vest inviterte i dag både salslaga, flåteleddet og fiskeindustrien til å diskutere kva som er den beste måten å omsetje fisk på.
Førstehandsomsetning av fisk er noko som engasjerer. Difor har Fiskebåt Vest invitert til debatt på Fiskebåt Vest sin fiskerikonferanse, seier styreleiar Paul Harald Leinebø.
Det er viktig for partane å møtast for å drøfte problemstillingane, som også er politisk aktuelle.
Les også:

Andelen på auksjon kraftig ned siste åra

Førstehandsomsetning kan enten skje på auksjon eller gjennom pris- og leveringsavtalar mellom fiskar og fiskeindustrien.
I løpet av dei siste fem åra har andelen fisk som er seld via auksjon gjennom Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag blitt redusert frå 60 til 40 prosent, ifølgje Sveinung Flem, adm. direktør i Surofi.
Det er direkte kontraktar mellom kjøparane - industri og eksportselskap - og fiskarane, som har bidrege til mindre auksjonshandel. Ein annan måte fisk bli omsett på er gjennom fiskebåtreiarlaga sine eigne salsselskap.

Frykter at auksjonssystemet dør

- Eg deler bekymringa for trenden med økande grad vertikal integrasjon. Også vi fiskarar meiner at vi treng auksjon, sa reiar Per Magne Eggesbø under debatten.
- Det aller viktigste er at det blir like reglar for alle. Kjem vi inn i eit regime der integrerte selskap kan fortsette som no, og dei som ikkje er det skal ha ansvar for auksjon, blir det heilt gale, sa Inger Marie Sperre under debatten.
Ho talar fiskeindustrien si sak og meiner at då er auksjonssystemet dødt. Også Sveinung Flem i Surofi er bekymra for auksjonssystemet framover.
- Vi er no på eit botnivå når det gjeld omsetjing via auksjon, som faktisk ikkje viser kva marknaden er villig til å betale for fisken. Vi er i allefall i nærheita av det golvet. Eg trur ikkje at det er rett å gå fra full valfrihet til auksjonsplikt, altså den eine ytterpunktet til det andre. Men regelverket må iallefall vere likt for alle, sa Flem.
- Det er berre ein veg å gå, og det er å endre reglane og tvinge fisken på auksjon. Enkeltaktørar tar sjelden ansvar for almen interesse, meinte Geir Sogn-Grundvåg i Nofima.

Delt syn på auksjons-krav

- Antal kjøparar som deltar i auksjon, har betydning for konkurransen. Det er endå ikkje alarmerande, men på enkelte fiskeslag er vi heilt avhengig av utanlandske leverandørar, sa Paul Oma, adm. dir. Norges Sildesalgslag.
Pelagisk har 80 prosent av fisken omsett på auksjon, sjølv om dei har avtalefriheit.
- Å tvinge alt på auksjon, vil vere uheldig, sa Oma vidare.
- Dei som klarar å få mest verdiskaping ut av fisken, må få lov å få tilgong på råstoff, sa Inger-Marie Sperre.
- Fisken er kanskje tilgjengelig, men det er eit uoversiktleg system som krev eit heilt anna apparat enn å skaffe den på auksjon, sa ho vidare.

Sel til eigne kundar

Kvifor selje i eit lukka system når ein kan få høgare pris på auksjon?
- Vi sel hovudkutta fisk på auksjon, men når det gjeld filet, har vi våre kundar i England. Den fisken vi ikkje foredlar sjølv, legg vi altså ut på auksjon, sa Eggesbø.
- Når det er sug etter fisk, får ein seld fisken til gode prisar uansett korleis den blir omsett. Men i ein fallande marknad, blir situasjonen ein anna, sa Flem.
Han er bekymra for signala frå kjøparar om at dei opplever at det er vanskelig å få tak i nok råstoff.
Dei som etablerer eigne salsselskap, ønskjer gjerne å ha marknadskompetanse innomhus. Dette fordi dei også har stor, avansert produksjon ombord i dag.
Eg deler bekymringa for trenden med økande grad vertikal integrasjon. Også vi fiskarar meiner at vi treng auksjon

Publisert: 01.06.2018 15:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22