Sjoematnaeringa samd om arealleige
ALLIANSE: Nettverk for fjord- og kystkommunar (NFKK), Sjømat Norge og Norsk Industri er samde om eit felles forslag om å innføre ei arealleige for oppdrettsnæringa. Framlegget er eit svar på rådet frå eit statleg utval, som vil ha ein ekstraskatt på oppdrettsnæringa - som først og fremst skal gå til staten.
Nytt

Sjømatnæringa samd om arealleige

Nettverk for fjord- og kystkommunar (NFKK), Sjømat Norge og Norsk Industri er samde om eit felles forslag om å innføre ei arealleige for oppdrettsnæringa, men ingen av dei ønskjer grunnrenteskatt.

15.01.2020
NPK: – At vi no har komme til semje er eit viktig steg for vidareutvikling av berekraftig oppdrettsverksemd. Det vil styrke bandet mellom næringa og vertskapskommunane. For staten vil dette utvilsamt vere til stor nytte som bidrag til å oppfylle nasjonale målsettingar om berekraftig vekst i oppdrettsnæringa og levande lokalsamfunn seier styreleiar i NFKK og ordførar på Hitra, Ole L. Haugen, i ei pressemelding
I november i fjor kom det såkalla Havbruksskatteutvalget med ei innstilling til korleis skattlegginga i havbruksnæringa bør utformast. Utvalet var delt og presenterte eit fleirtalsforslag som støtta grunnrenteskatt og eit mindretalsforslag som ønskte produksjonsavgift. Semja mellom NFKK, Sjømat Norge og Norsk Industri støttar opp om mindretalsforslaget.

Alt lokalt

– Fleirtalet i Havbruksskatteutvalget svarte ikkje på bestillinga frå Stortinget og NFKK oppfordra rikspolitikarane til å sjå til forslaget frå mindretalet i den vidare behandlinga av utgreiinga, seier Haugen.
Dei tre næringslivsaktørane vil at all ekstra skattlegging av oppdrettsnæringa skal kome lokalsamfunna til gode og skriv dette i ei prinsipperklæring:
«NFKK, Sjømat Norge og Norsk Industri er enig i at det ikke må innføres noen statlig grunnrentebeskatning for havbruksnæringen.»

Publisert: 15.01.2020 14:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50