VARD kabelskip NCT Offshore illustrasjon Vard 11
PLASS TIL 60 OM BORD: Skipet får ei lengde på kring 95 meter og breidde på cirka 21,5 meter. Om bord blir det lugar til 60 personar og skipet skal ha hybridpakke for framdrift. Illustrasjon: Vard
Nytt

Skal bygge kabelskip for dansk reiarlag

Vard stadfestar ny stor kontrakt.

Marius Rosbach
10.03.2023

Vard skal teikne og bygge kabelleggarskip for danske NCT Offshore, ifølgje ei pressemelding.

NETT NO omtalte kontrakten tidlegare i veka, men då var det ikkje kjent kva reiarlag som var kunden.

No fortel Vard-konsernet at det dreiar seg om ein 95 meter langt skip for det danske reiarlaget NCT Offshore. Reiarlaget operer i offshoremarknaden og har samtidig solid erfaring frå vindkraftindustrien.

Blir utrusta på Nordvestlandet
Skipet blir eit Vard 9 01-design utarbeida av Ålesund-avdelinga. Skroget skal byggast ved Vard-verftet i Romania, og skipet blir utrusta ved eit av Vard sine verft på Nordvestlandet.

Det vert også betydeleg arbeid for Vard Electro om bord i skipet, som skal leverast i slutten av 2024.

Skipet får ei lengde på kring 95 meter og breidde på cirka 21,5 meter. Om bord blir det lugar til 60 personar.

Fartøyet skal ha om bord Seaq-system frå Vard som inkluderer batteripakke for framdrift og kopling til landstraum. Om bord blir det det også plass til lagring av 4500 tonn kablar og eit sokalla «walk-to-work»-system for å overføre mannskap til installasjonar til havs.

Andre skip til NCT på eitt år
Det er andre gong på eitt år at det danske reiarlaget signerer kontrakt med Vard. I fjor tinga dei ein PSV med Vard 1 08-design.

- Basert på hvor godt den tidligere leveransen ble håndtert, var det et opplagt valg for oss å henvende oss til dem med denne forespørselen, uttaler Alexander Cortes frå NCT Offshore i meldinga.

Reiarlaget operer i offshoremarknaden og har samtidig solid erfaring frå vindkraftindustrien.

Fleire skip i ordreboka
Vard har bygd fleire slike kabelskip det siste tiåret, og har fleire i ordreboka. I november i fjor offentleggjorde konsernet ein kontrakt på i overkant av to milliardar kroner på bygging av eit kabelskip for italienske Prysmian Group.

Det rundt 170 meter lange og 34 meter breie fartøyet blir i stor grad likt som Leonardo Da Vinci, eit skip Vard leverte til same kunde i 2021.

I førre veke drog Vard i land ei kontrakt på omlag 2,8 milliardar kroner for fire vindskip til Edda.

Publisert: 10.03.2023 11:29

Sist oppdatert: 10.03.2023 11:50

Mer om