Gigantskip sett på vent
I år skulle Vard Søviknes starte utrustinga av ein yacht til fem milliardar kroner. Det skjer ikkje.
Det 222 meter lange skipet Somnia skulle huse 39 leilegheiter, der prislappen på den billegaste var 96 millionar kroner. No er prosjektet sett på hald på ubestemt tid.
Om bord kunne rikfolk sikre seg eit heim på havet i ein yacht som ville blir 40 meter lenger enn Azzam, som inntil vidare har verdsrekorden i luksusyacht-klassen. Azzam er eigd av kongefamilien i Abu Dhabi, ifølgje Financial Times.
Planen var å bygge skroget hos Vard Tulcea i Romania og slepe det til Vard Søviknes for utrusting. Våren 2024 skulle skipet vere ferdig.
Stoppa
Prosjektet er sett på hald skriv kommunikasjonssjef Hege Akselvoll i Vard. Vard «har god kommunikasjon med kunde», skriv ho vidare i ein e-post til NETT NO.
NETT.NO skreiv først at vi ikkje hadde lukkast med å få avklart om skrogbygginga var i gang før prosjektet vart sett på hald, men fekk fredag morgon opplyst at skrogbygginga i Romania ikkje var starta før prosjektet vart sett på hald.
– Dette betyr veldig mykje for oss sa Akselvoll då Somnia-kontrakten blei offentleg i juni 2021.
I 2021 kunne Akselvoll ikkje kommentere kor stor kontrakten ville vere for Vard, ut over å seie at Vard ikkje skulle ha alle dei 5,1 milliardane som prosjektet var planlagt å koste.
Nykomar i cruisemarknaden
Det var selskapet Somnio - med same namn som skipet - som bestilte fartøyet.
Planlegginga av prosjektet starta i 2019, med Carl Le Souef i USA i spissen. Han etablerte hudpleieproduktselskapet Private Formula International, og leier no Somnio Global, som driv med utvikling av ulike typer berekraftig teknologi.
– I Vard sin ordrebok på de norske verftene er det nå fullt fokus på offshore- og spesialfartøyer, bl.a. kystvaktfartøy, kabelleggere, trålere, og havvind servicefartøyer, i tillegg til reparasjoner og ombygginger, skriv Akselvoll i e-posten.
Les også
Vard skal teikne og bygge kabelleggarfarty som skal leverast neste år.
Skal bygge fire vindskip for Edda Wind. To blir utrusta i Norge.
Italiensk kunde kom tilbake og bestilte nok et kabelskip i milliardklassen.
Publisert: 09.03.2023 05:00
Sist oppdatert: 09.03.2023 09:14