Skal byggje 260 meter hoege vindmoeller til havs
OFFSHORE VIND: Kvar slik vindturbin skal kunne levere nok straum til 16.000 husstandar.
Nytt

Skal byggje 260 meter høge vindmøller til havs

Kvar vindmølle vil forsyne ein middels norsk by med nok straum.

28.05.2019
Medan det er store diskusjonar om norsk vindsatsing på land, satsar svenske Vattenfall i samarbeid med GE Renewable Energy stort på bygging av gigantiske vindmøller til havs.
Rotorblada vert heile 107 meter lange og rotoren får ein diameter på 220 meter.
Blad og tårn vert til saman 260 meter høgt.
Ein prototype skal setjast opp i Rotterdam i sommar, skriv Vattenfall i.

16.000 husstandar

Selskapet opplyser at i full produksjon vil kvar vindturbin levere 67 gWh elektrisitet, nok til å forsyne 16.000 europeiske husstandar med straum i eitt år.
Målet er masseproduksjon av turbinen innan 2021, ein turbin som har fått namnet Haliade-X 12 MW.

Vil bidra til fossilfritt liv

Satsinga slår alle rekordar i størrelse, og Vattenfall opplyser at produksjonen i stor grad vil skje i Saint Nazaire i Frankrike.
Vattenfall opplyser at selskapet også har som mål å bidra til eit fossilfritt levesett innan ein generasjon.

Publisert: 28.05.2019 16:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35