Ålesund og Kristiansund måler klimaavtrykket av kommunale innkjøp med ei banebrytande metode. Målet er at kommunar skal bli betre til å gjere grøne innkjøp, vert det opplyst i ei pressemelding.
Tal frå Miljødirektoratet viser at det offentlege kjøper inn varer og tenester for omlag 500 milliarder kroner årleg og klima- og miljøbelastninga frå slike innkjøp er på rundt 14 % av Noregs totale klimafotavtrykk.
Ålesund kommune opplyser at samla kjøpte kommunane i nye Ålesund varer og tenester for 1,85 milliardar kroner i 2018, medan Kristiansund gjorde innkjøp for 1,1 milliardar (tala er utan mva).
Denne analysen skal også hjelpe fleire kommunar i innkjøpssamarbeidet å sjå på kva innkjøp som er viktige å ta tak i og kvar det er viktig å sette miljøkrav til leverandørar.
− Kommunar og annan offentleg verksemd har ei spesielt viktig rolle i å stille gode miljø- og klimakrav i sine innkjøp. Gjennom dette kan dei påverke ikkje berre sitt eige klimafotavtrykk, men vere med på å vri alle leverandørar i ei meir klimavennleg retning.
- Dette prosjektet vil gje Ålesund og Kristiansund viktig kunnskap om å bruke analysar av klimafotavtrykk som grunnlag for gode klimavennlege innkjøpsstrategiar, seier han i pressemeldinga.
− Gjennom dette prosjektet vil vi kartlegge korleis kommunens verksemder påverkar miljøet, seier Anna Zäll som er tilsett i konserninnkjøp i Ålesund kommune.
− Når vi veit kvar kommunen set størst klimafotavtrykk, kan vi sette inn effektive tiltak for å redusere utsleppa av klimagassar og nå kommunens klimamål, seier ho.
Analysen er gjennomført med støtte frå prosjektet Byen som regional motor i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune og Klimasats.
Anna Zäll er tilsett i ei toårig prosjektstilling for å gjere kommunane betre til å gjere grøne innkjøp.
− Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunane i innkjøpssamarbeidet. Vi har god tru på at resultatet frå kartleggingsprosjektet vi gjer saman med Asplan Viak og Kristiansund, skal gjeeit godt utgangspunkt for vidare arbeid, seier ho.
I juni kjem den endelege rapporten frå Asplan Viak. Då vil kommunane sjå på kva som er viktig å ta tak i når det gjeld innkjøp og korleis kommunane skal måle utviklinga av avtrykka når innkjøpa blir meir klimavennlege.
Tal frå Miljødirektoratet viser at det offentlege kjøper inn varer og tenester for omlag 500 milliarder kroner årleg og klima- og miljøbelastninga frå slike innkjøp er på rundt 14 % av Noregs totale klimafotavtrykk.
Ålesund kommune opplyser at samla kjøpte kommunane i nye Ålesund varer og tenester for 1,85 milliardar kroner i 2018, medan Kristiansund gjorde innkjøp for 1,1 milliardar (tala er utan mva).
Skal hjelpe fleire kommunar
Ved hjelp av verktøyet Klimakost og i samarbeid med Asplan Viak, har dei to kommunane laga ein analyse som viser kor store klimafotavtrykk innkjøpa deira utgjer.Denne analysen skal også hjelpe fleire kommunar i innkjøpssamarbeidet å sjå på kva innkjøp som er viktige å ta tak i og kvar det er viktig å sette miljøkrav til leverandørar.
- Store konsekvensar
Hogne Nersund Larsen i Asplan Viak meiner nybrottsarbeidet dei gjer for Ålesund og Kristiansund kan ha store samfunnsmessige konsekvensar.− Kommunar og annan offentleg verksemd har ei spesielt viktig rolle i å stille gode miljø- og klimakrav i sine innkjøp. Gjennom dette kan dei påverke ikkje berre sitt eige klimafotavtrykk, men vere med på å vri alle leverandørar i ei meir klimavennleg retning.
- Dette prosjektet vil gje Ålesund og Kristiansund viktig kunnskap om å bruke analysar av klimafotavtrykk som grunnlag for gode klimavennlege innkjøpsstrategiar, seier han i pressemeldinga.
Hjelp til å setje inn tiltak
Der vert det vist til at Klima- og miljøkrav i offentlege innkjøp er spesielt relevante i bygg og anlegg, transport, avfall, vann og avløp.− Gjennom dette prosjektet vil vi kartlegge korleis kommunens verksemder påverkar miljøet, seier Anna Zäll som er tilsett i konserninnkjøp i Ålesund kommune.
− Når vi veit kvar kommunen set størst klimafotavtrykk, kan vi sette inn effektive tiltak for å redusere utsleppa av klimagassar og nå kommunens klimamål, seier ho.
Fire "verstingar"
Analysen fortel at i Ålesund kommune er det særleg fire område som set store klimaavtrykk når det gjeld innkjøp innan:• Bygg - både å bygge og drifte bygga har stor påverknad på klimaet• Anlegg – forbruker store mengder fossilt drivstoff• Transport – forbruker store mengder fossilt drivstoff• Forbruksvarer - å produsere nytt materiell er ressurs- og energikrevjandeAnalysen er gjennomført med støtte frå prosjektet Byen som regional motor i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune og Klimasats.
Byggjer opp kunnskap
Konserninnkjøp i Ålesund kommune gjennomfører innkjøp for alle kommunane på Sunnmøre og for Vestnes kommune. For desse kommunane, er analysen ein del av eit anna toårig prosjekt som Ålesund kommune leiar. Målet med dette prosjektet er å bygge opp kunnskap om klimavennlege innkjøp.Anna Zäll er tilsett i ei toårig prosjektstilling for å gjere kommunane betre til å gjere grøne innkjøp.
− Prosjektet er eit samarbeid mellom kommunane i innkjøpssamarbeidet. Vi har god tru på at resultatet frå kartleggingsprosjektet vi gjer saman med Asplan Viak og Kristiansund, skal gjeeit godt utgangspunkt for vidare arbeid, seier ho.
I juni kjem den endelege rapporten frå Asplan Viak. Då vil kommunane sjå på kva som er viktig å ta tak i når det gjeld innkjøp og korleis kommunane skal måle utviklinga av avtrykka når innkjøpa blir meir klimavennlege.
Når vi veit kvar kommunen set størst klimafotavtrykk, kan vi sette inn effektive tiltak for å redusere utsleppa av klimagassar
Publisert: 25.05.2020 07:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57