Skal hente 210 millionar før kontortid
Havyard børsnoterer datterselskap og ber investorar vere med.
Torsdag klokka 08.00 går fristen ut for investorar som vil vere med i Hav Group, som selskapet heiter.
90 millionar kroner skal hentast inn som ny eigenkapital, og Havyard Group skal selge aksjar for omlag 120 millionar kroner i Hav Group.
Prisen på aksjane blir fastsett gjennom ein såkalla «book building»-prosess. Havyard ventar å eige omlag 70 prosent av Hav Group etter kapitalutvidinga, og skal uansett ikkje under 50,1 prosent eigarskap, ifølgje ei børsmelding.
Fearnley Securities er leigd inn for å hjelpe til med kapitalinnhenting og aksjesal.
Miljø-Havyard
I november 2020 varsla Havyard Group at datterselskapa Havyard Hydrogen, Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems og Norwegian Greentech, kunne bli skilt ut og samla i eit eige selskap - og notert på Oslo Børs.
Det er det selskapet no gjer.
Havyard Hydrogen teiknar og set saman anlegg for å bruke hydrogen som drivstoff ombord i skip. Skipsdesignverksemda er samla i Havyard Design & Solutions, Norwegian Electric Systems lagar skipselektrosystem og -design, medan Norwegian Greentech lagar reinseanlegg for ballastvatn.
Les også
E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport
600 millionar kroner
Kapitalutvidinga og aksjesalet verdset Hav Group til omlag 600 millionar kroner.
8. oktober 2020 blei aksjar i Havyard Group handla for 1,97 kroner pr. aksje. Då børsen stengte i dag var kursen 31,10 kroner per aksje, som verdset heile selskapet til 771 millionar kroner.
Fleire avklaringar i løpet av hausten 2020, i tillegg til planen om å skille ut og børsnotere det som no blir Hav Group, er truleg medverkande til kursstiginga.
Gjeldsforhandlingane i det gamle skipsbyggingsselskapet kom i mål. Det blei skilt ut som ein del av arbeidet med å refinansiere Havyard Group og skipsbyggingsverksemda blei ført vidare i selskapet New Havyard Ship Technology.
Havyard varsla og at selskapet først og fremst vil satse på ombygging-, vedlikehald- og reparasjonsoppdrag ved verftet i Leirvik i Sogn - i staden for nybygg.
Sævik-familien, med Per Sævik i spissen, eig over 57 prosent av aksjane i Havyard Group. Aksjane er eigd gjennom familieselskapet Havila Holding og familiemedlemane sine personlege investeringsselskap.
Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Publisert: 17.02.2021 19:03
Sist oppdatert: 18.02.2021 11:53