Joel mills offshore simulator centre 11
VEKST: OSC-sjef Joel Mills er på jakt etter fleire tilsette.
Nytt

Skal nesten doble staben

OSC - tidlegare Offshore Simulator Centre - ventar å ha 92 tilsette innan utgangen av 2025.

03.11.2023

OSC Group - med morselskap og to datterselskap - er på veg mot nytt rekordår, målt etter driftsinntekt.

I fjor hadde dei tre selskapa som utgjer OSC Group 59,4 millionar kroner i driftsinntekt, i år ligg det an til 67,8 millionar kroner, opplyser selskapet til NETT NO.

Selskapet ventar vidare vekst, og skal nesten doble talet på personar som arbeider der, frå 47 heiltidsstillingar ved inngangen til 2023 til 92 ved utgangen av 2025. Oppbemanninga er i godt i gang, og ved utløpet av 2023 sysselset OSC Group 63 årsverk.

Vind er viktigast
Etter at oljeprisen stupte i 2014 og sette ein brutal stoppar for boomen for offshorereiarlaga fall driftsinntektene til OSC - tidlegare Offshore Simulator Centre - med over 40 prosent, til 26 millionar kroner i 2016.

Reiarlaga sende skip i opplag, og etterspørselen etter opplæring og trening i simulatorane til OSC i Ålesund krympa kraftig.

Konsekvensen blei mellom anna at OSC, snudde seg til nye marknadar. No er det simuleringsoppdrag for vindkraftbransjen som er den største inntektskjelde, ifølgje selskapet

By-simulering
OSC er eigd av Sintef Ocean, Kongsberg Maritime, NTNU og tilsette. Selskapet har to datterselskap, Augment City og OSC Simulatorutleie Ålesund.

Augment City er selskapet for simulering av byar, som mellom anna kan brukast i byplanlegging. OSC Simulatorutleie Ålesund eig utstyr som OSC brukar.

OSC har ikkje eit offisielt konsernreknskap og drifta av mor- og datterselskap er delvis innvevd i kvarandre. Ein del av inntektene til datterselskapa kjem frå eksterne kundar, slik at driftsinntektene til OSC-konsernet er større driftsinntektene til morselskapet.

OSC as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt55,851,3
Driftsresultat0,61,3
Resultat før skatt0,13,7

Augement City as

Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt15,614,4
Driftsresultat0,12,4
Resultat før skatt 0,12,4

OSC Simulatorutleie Ålesund as

Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt8,28,4
Driftsresultat1,51,9
Resultat før skatt1,01,5

Publisert: 03.11.2023 09:21

Sist oppdatert: 03.11.2023 09:39

Mer om