Randi Paulsen Humborstad 2020
IKKJE UROA: Randi Humborstad i Måløy Vekst påpeiker at arbeidet med anskaffing av totalentreprenør og korleis ein skal handtere massane, går sin gong. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Stad skipstunnel forseinka

Randi Humborstad i Måløy Vekst blir ikkje uroa av at oppstarten er utsett til 2023.

08.11.2021

(NPK-NTB-NETT.NO): Bygginga av Stad skipstunnel skulle ha oppstart i 2022, men er forseinka. Prosjektet er no utsett til 2023.

Utsetjinga er venta å redusere utgiftene med 365 millionar kroner, og regjeringa foreslår å redusere løyvinga med tilsvarande beløp. Det kjem fra av regjeringa sitt forslag til endringar på statsbudsjettet for neste år.

I forslaget finansminister Trygve Slagsvold Vedum la fram, står det at årsaka er at anskaffingsprosessen tek lengre tid enn venta. Utsett byggestart reduserer kostnadene på 2022-budsjettet og ein del førebuande arbeid blir skjøve til 2023.

Meir om statsbudsjettet under:

Stad skipstunnel Moldefjorden Snøhetta
MOLDEFJORDEN: Stad skipstunnel skal byggjast frå Vanylvsfjorden til Moldefjorden. No ligg det an til at sjølve byggearbeidet startar først i 2023. Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta

Er ikkje uroa
Randi Humborstad i Måløy Vekst har vore ein pådrivar for samferdsleprosjektet i ei årrekke. Ho blir ikkje uroa av forseinkinga,.

– Vi har oppfatta at prosessen i Kystverket med anskaffing av totalentreprenør er forseinka, men arbeidet med dette og korleis ein skal handtere massane går sin gong, seier ho til NETT NO.’

Humborstad er trygg på at sjølv om det blir brukt mindre pengar til prosjektet i 2022, så kjem dei store summane i åra etterpå.

Framleis opning i 2026
Sidan prosjektet blei vedteke bygd av Stortinget, har det vore planlagd opning i 2026. Etter det ho kjenner til, gjeld den tidsplanen framleis med ei byggetid på tre til fire år.

– No blir det jobba med å finne ut korleis massane frå tunnelen kan nyttast både i Kinn, Vanylven og Stad kommunar. Kystverket vil også ha på plass avtaler om denne massehandteringa, før dei inngår avtale med totalentreprenør, påpeiker Humborstad.

Publisert: 08.11.2021 13:44

Sist oppdatert: 08.11.2021 14:40

Mer om