Iselin nybø vard langsten montasje geir pollestad 11
REAGERER: Geir Pollestad (Sp) reagerer på at krisehjelpa som statsråd Iselin Nybø la fram i fjor, blir nytta til å bygge i utlandet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Skarpe reaksjonar mot bygging i utlandet

Sp-politikar kallar det ein skandale at krisehjelp til verftsnæringa blir nytta til å bygge i utlandet.

Marius Rosbach
02.03.2021


At Havforskingsinstituttet har valt å bygge sitt nye forskingsfartøy i Nederland, vekker sterke reaksjonar.

Leiaren i næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad (Sp), meiner det er ein skandale og krev at Stortinget kansellerer kontrakten, skriv VG.

– Det er slik at en knapt trur det. Heile målet med å bygge den båten var å hjelpe norsk industri, ved at den skulle byggast i Norge, seier Pollestad til avisa.

Stortingspolitikaren vil gå til Stortinget og be om at kontrakten blir stoppa, om ikkje regjeringa tek affære. Han har også stilt eit skriftleg spørsmål til fiskeri- og sjømatministeren om saka som blei omtala først av Skipsrevyen.

Norske Skipsverft vil ha betre verktøy
Administrerande direktør Asle B. Strønen i Norske Skipsverft meiner fartøy og skip som det offentlege bygger, i for stor grad går til utlandet.

– Styresmaktene er ikkje med å understøtte sin nasjonale verftsindustri, seier han til NETT NO.

Havforskingsinstituttet har påpeika at det er betydeleg med utstyr frå norske leverandørar om bord, men Strønen meiner det burde vere mogleg at også bygginga gjekk til norske verft.

– Vi har forståing for at Havforskingsinstituttet enda opp der dei gjorde, fordi dei har følgt regelverket. Vi ønsker både for industrien og instituttet sin del, at dei får verktøy som kan guide dei meir i retning av bygging i Norge, seier Strønen som også har omtala saka på organisasjonens eiga nettside.

(saka held fram under)

Kystforskningsfartøy havforskningsinstituttet illustrasjon lng marine 11
TIL NEDERLAND: Det nye forskingsfartøyet var det einaste nybygget regjeringa framskunda i fjor, for å gi auka aktivitet i maritim næring. Illustrasjon: LGN Marine

Vil ha eksperteining
Fleire bransjeorganisasjonar har også reagert etter at det blei kjent at fartøyet til 110 millionar byggast i Nederland.

Dagleg leiar Ivar Engan i Maritim Forum omtalar saka som «svært uheldig» på eiga nettside, og viser til at fleire i bransjen har teke til orde for at ei eksperteining på offentlege anbod skal gi råd til statlege aktørar ved slike innkjøp.

Havforskingsdirektør Sissel Rogne uttalte tidlegare i veka at tilboda var jamne på kvalitet, men at det var «til dels stor» skilnad på pris mellom nederlandske Holland Shipyards og norske verft.

Til VG utdjupar ho korleis dei forsøkte å legge til rette for at oppdraget skulle gå til eit norsk verft. Mellom anna var det krav om at budsjett og pristilbod skulle vere på norsk.

Skulle gi aktivitet i verftsnæringa
Bygginga av det nye fartøyet til Havforskningsinstituttet blei lagt fram av næringsminister Iselin Nybø ved Vard Langsten i mai i fjor, som eit motkonjunkturtiltak som skulle hjelpe maritim næring

I pressemeldinga den gong uttalte også fiskeriministeren at han håpte oppdraget ville gi auka aktivitet i verftsnæringa.

Reaksjonane til krisetiltaka i næringa var lunken og både bransjeorganisasjonar og Vard uttalte at dei hadde håpt på meir hjelp i ein situasjon med historisk låge ordrebøker.

Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

Publisert: 02.03.2021 11:34

Sist oppdatert: 02.03.2021 12:39

Mer om